Æsj

Zanzibar som er so solfylt, skulle tru det berre var solskin å melde på ein blogg herifrå, men nei. Om du er ute etter hyggeleg lesnad og godt humør, kan du hoppe over bloggen min denne gongen.

Eg skal passe meg, personvern, snakkar kryptisk. Fyrste gongen eg kom til Tumbatu var der ei jente på min alder som synte meg rundt. Ho er også høg, som meg. Og eg stussa over magen hennar, var ho bittelitt tjukk eller var ho vordande, «mjamzito»? Det vart aldri snakka noko om dette, men etterkvart  har magen hennar blitt større og større, so eg har forstått at ho har venta barn. No siste gongene eg har vore på øya, har ho vore veldig høggravid, berre vore inne i hytta eller huset eller kva eg skal kalle det.

På torsdag i forrige veke reiste eg til øya igjen. I «venterommet» til båten over til øya pratte eg med nokre damer. Eller rettare, dei pratte og pratte til meg, eg nikka meir enn eg forstod. Men endeleg forstod eg at jenta eg har fortalt om allereie har fødd, ei jente. Men «ameshafariki», «babyen er allereie gått bort». 3 dagar etter fødselen, har eg seinare fått høyre. Det er frykteleg trist. Eg lurer på kva spedbarn døyr av etter 3 dagar. Eg lurer også på om babyen hadde levd om ho hadde vorte fødd på Ullevål, eller Førde eller Lærdal for den del. Om svaret er ja, er det endå tristare.

Trist 2: ei gamal dame som eg også kjenner godt på øya, er sjuk for tida. Då eg fyrst møtte henne vart eg aldeles overvelda, so sprek! Lita, gamal dame, går langt til åkeren sin kvar einaste dag, frå 6-tida om morgonen til sola vert for sterk rundt kl 12. Men no har ho stygg hoste, ligg til sengs. Det er ikkje so rart. Kvinnene kokar mat på bål heile livet, og kostar turre jordgolv. Røyk og støv er noko styggedom i lungene deira. Eg kan i det minste kjøpe hostesaft og ta med, men kva meir, eg veit ikkje.

Trist 3: dette er faktisk ei stor sak. Eg fekk vite om det fyrst i dag, måndag, endå det visst skjedde fredag eller laurdag. Eg trudde det skulle stå om det på dagbladet.no, men nei. Kanskje det var notis om det i helga, men neppe. Eit lasteskip frå Dar es Salaam gjekk rundt og sank ved hamn her i Stone Town, Zanzibar. Skipet frakta hovudsakleg last, men sjølvsagt var der òg passasjerar ombord. Og sjølvsagt, som med absolutt alle transportmiddel her, var der for mange passasjerar, fleire enn det offisielle talet seier. Nokre er funne omkomne, 20-30 overlevde, men kor mange som eigentleg omkom, det veit ingen endå. Mange meiner over 50, kanskje opp mot 100. Passasjerane oppheldt seg nederst i båten, og då båten kantra, var der ikkje nok utgongar, dei var innestengde. Ein del last fall dessutan ned på dei, der var nokre bilar ombord. Det er grusomt å tenkje på. Innestengde nederst i ein synkande båt. Og fortsatt manglar det folk og utstyr til å starte arbeidet med å heve båten, og prøve finne dei omkomne. Slikt utstyr finst rett og slett ikkje her.

http://www.nation.co.ke/News/africa/-/1066/605016/-/13a06xhz/-/index.html

Hadde her vore meir pengar, hadde kanskje ikkje 3 dagar gamle barn døydd, gamle damer måtte hosta utan lindring, eller skip kantra ved hamn utan redning.

2 kommentarar so far »

  1. 1

    anne lise said,

    Hei, hørte også om skipet… Det skal ha varsla havnen i Zanzibar om at de tok inn vann og trengte hjelp, men de reagerte ikke. Det skjedde på kvelden, men redningsmannskap kom ikke før morgenen på lørdag og da uten noe utstyr og var like hjelpesløse som de etterlatte. Etter det jeg hørte stengte myndighetene av deler av strandlinja i Stone Town, antagelig fordi de var redde for at lik skulle skylle opp på land siden…
    Pole sana om babyen og den gamle damen. Veldig trist å høre, håper damen kommer seg i alle fall. Bare si ifra om det er noe du trenger, så kan jeg alltids forsøke å sende en liten pakke!
    Håper resten av feltarbeidet går bra 🙂 Driver med kvalitativ research selv, men bare på capus, og ikke så omfattende som deg. Men er spennende!
    Lykke til videre og ta vare på deg selv! Hils kjente og kjære

    Anne Lise

  2. 2

    eormberg said,

    Er det «feltarbeid» til svmet 1010? det er jo gøy:)

    eg skal prøve å spørje etter ei postadresse til ein organisasjon på tumbatu, legge ut på bloggen. So dersom nokon der heime har klede dei ikkje lenger brukar, kan dei jo sende det til tumbatu, heller. Eller leiker eller skulesaker eller kva som helst. Men ikkje miniskjørt. God idè?

    Ja den båten.. eg las i ei avis nettopp, no seier dei det var 5 omkomne. Crap! Myndigheitene neknar utanlandske journalistar tilgang til ulukkesplassen, det heile vert berre dyssa ned. Det er MANGE fleire enn 5 omkomne, det veit alle.

    Lykke til på campus:)


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: