Snart på tide å komme seg heim

 

021

032

034

Bloggen min treng litt krydder, desse bileta skulle gjere susen. Det er ikkje kvar dag eg har ein slik attraksjon å syne fram.

Fyrste biletet frå forrige laurdag, rett etter «operasjon», to neste frå i går, ei veke etter. Eg oppfordrar folk med legeutdanning til å kommentere, ser det greit ut eller ikkje?

Forresten, dette er no eit «fint» sår. Forrige måndag var det «not a nice wound». Mørkt og fullt av ny puss. Det var vel då legen klipte/skar/skrapa vekk mesteparten av det de ser manglar i dette krateret, utan bedøving. Nei, eg vil ikkje kallast noka pyse

5 kommentarar so far »

  1. 1

    Karin said,

    Jøsses! Ditta dar såg ikkje godt ut! Fy flate!
    Du har rett i at det er litt skummelt med slike sår i tropisk klima. Då eg var på Fiji var eg so uheldig ( eller- eg var idiot! ) at eg sovna i soli og blei so solbrent at eg faktisk fekk kjøtsår på skuldri ( på eine foten hang no berre skinnet dar og flaut i vatnet so fiskane åt det…) ettersom eg røska av bandasjen som var over dei verste vass-byllane…
    Kjøtsår + tropane = ildt og ekkelt=)
    Men du var no tross alt eit uskuldigt offer for eit insekt:)
    Det einaste eg kan påberope meg er diagnosen «idioti». Eg takla no ikkje soli på Gjerde uti august eingong, so det å sovne under soli ved ekvator var ein litt dårleg ide for min del;)
    Men i allefall god bedring og god tur heim! Eg antek god mat og godt stell ventar hjå mor og far=)

  2. 2

    Storesøster said,

    På tide å komme heim og leggje foten til kjøling i ei bresprekk no, ja!

    Til dess lyt du nok sittje med foten i kjøleskåpet.

    God bedring! Og velkommi heim snart.

  3. 3

    eormberg said,

    25 dagar no, trur eg, so lenge burde foten klare aa henge paa resten av skrotten. Nei eg skal ikkje tulle for mykje med dette. Eg trur det gaar betre og betre kvar for dag. I dag er det regntid igjen tydelegvis, holja ned heile morgonen. So eg teipa paa ein stor bit av ein kvit plastpose, festa over bandasjen med brun pakketeip. Elegant? Foer min avtale i House of Representatives? Kanskje ikkje.. Men det fungerer, reint praktisk, held bandasjen turr naar eg skal ut aa gaa. Ein skulle tru eg var dotter av min far, finn paa slike triks.

    Takk for sympati! det var helst det eg var ute etter:)
    Karin: det var vel litt greit aa ligge aa chille paa ei Fiji-strand uansett..?

  4. 4

    Karin said,

    hehe, ja, det var heilt greitt uansett=)

  5. 5

    Roger said,

    Ser ikkje godt ut med trånge svasko nei… Kan melde om god aktivitet er i dalen i eller evt. på det vertikale planet. Berre å komme seg nordover!


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: