Gratulere med vel overstått nasjonaldag!
Her vart den feira ved Den Norske Ambassade sin Residens i Dar es Salaam, som i fjor. God stemning på offisiell mottaking fredagskvelden, med fri alkohol og store mengder røykelaks, rakfisk, sild, spekekjøt. Møtte til og med ei hafslobygding-jente der. På sjølve nasjonaldagen var det barnetog, tale, musikk, kaker, vafler, røykelaks igjen, pølse i brød, sekkeløp, potetløp, tautrekking. Nett som 17.mai skal vere, mangla berre sludd og snøbyger.
Forrige veke var litt uglamorøs på Tumbatu. Me sanka «natural fertilizer», møk. Dei to lokale damene eg var med, plukka møkaruer for hand, utan hanskar. Kurant forsovidt, desse kyrne har mykje turrare og finare møk enn våre norske kraftfor-silo-rundball-kyr. Men likevel, eg fann meg noko plastmålar for å ta opp møkaruene. Forhåpentlegvis veks cassawaen og maisen godt no.
Frå å omtrent stå klar på Tumbatu og vente på at kyrne skulle drite, var det altso godt å setje seg på hurtigbåten til Dar for Noregsfeiring, og generell langhelg. Me reiste til «East Africa’s biggest Waterworld», eg fekk brannsår på ryggen av eine sklia. Takk og lov for at eg ikkje reiste i den verste, brattaste sklia, eg hadde nok daua, afrikanske badeland er ikkje idiotsikre. Me var på Sweet Easy, uteplass med sinnsjukt bra live reggaeband, promenerte på Coco Beach, hadde gode tider.
Men på måndag var det godt å komme attende til Stone Town! Til trygge små gater utan altfor mange menneske. I Dar måtte ein heile tida vere på vakt, inga veske, lommebok, pengar, synleg. Det er trøyttande og tungvint i lengda. Og eksos – i Dar er det heilt ekstremt, eg heldt pusten frå eg kom på fredag til eg reiste att måndag, heilt sant. I Stone Town er dei fleste gater eksosfrie.
Til sist to bilete frå for eit par veker attende. Me tok båt ut til ein sandbanke midt uti havet. Kva er vel vakrare enn å sitje og vente på solnedgong samstundes som månen skodar oss i ryggen?