Archive for april, 2009

Elektrisitet

Til førre bloggpost kommenterte Karin ein aktuell Dagblad-artikkel, link til den finn de i kommentaren. Stikkord: «elektrisitet», «sex», «Zanzibar». Også fine ord for avissal.

Artikkelen baserer seg på den norske antropologen Tanja Winther si nye bok, om Uroa på austkysten av Zanzibar, etter elektrisitet.

Innføring av elektrisitet – eigentleg ei konkret, teknisk hending. Men Tanja Winther skildrar korleis mange sider ved livet i ein tidlegare straumlaus landsby vert endra med elektrisitet. Mellom anna sexlivet har visst skranta. Med lys i huset, kanskje til og med TV, er det plutseleg grunn til å vere oppe. Folk legg seg seinare, somnar tvert.

 Noko litt anna. Mat og matlaging interesserer meg svært, og på denne øya der eg gjer feltarbeid er det mykje å lære og oppleve kring mat. Førre veke var me ute på markene og planta «muhogo», cassawa, og «muhindi», mais. So no klarer eg å sjå opp og ned på ein slik cassawa-pinne til planting (plantar du den opp-ned skjer det naturleg nok lite), og eg veit at enden skal 2 tommar nedi jorda (når skal eg få brukt denne kunnskapen igjen? Kan me plante cassawa i Jostedalen?).

Etter å ha lese Dagbladet-artikkelen kom eg til å tenkje på noko, angåande mat på straumlause Tumbatu. Der kokar dei alltid mykje mat til middags, meir enn berre til familien. Noko av restane vert kanskje spart til kveldsmat, men ellers vert den distribuert til folk som kjem innom, eller sendt i ei skål til ein nabo, familie, etc. Dei har jo ikkje kjøleskåp! So klart, derfor må maten etast opp same dag. «Restar frå måndag, frå tysdag, frå onsdag, og i dag er det torsdag», er ikkje omkvede der. Og gav du nokon ei skål ris og bønner ein dag, so får du kanskje attende poteter og fisk neste dag. Antropologien kallar det resiprositet: nokon gir – det vert mottatt – det vert gitt noko attende. Denne sirkuleringa av mat fører til/kjem av at folk går på besøk på kryss og tvers, heile tida. Ein slepp sitje sture heime aleine ein heil dag.

 Skal tru kva som skjer når elektrisitet og kjøleskåp kjem? Kanskje folk sluttar å gå like mykje på besøk? Eg tippar eigentleg ikkje det. Men kanskje det vert nye grunnar til å gå på besøk, som å sjå på tv hos nabo’n, hente noko i kjøleskapet til mora, etc..

Ellers – mitt «kollektiv» her eg bur når eg er i byen er skandinavisk for tida. Norsk jente, svensk jente, 2 danske jenter. Også eit par franske, og han som eig huset, herifrå. I går kveld laga eg sjokoladekake! Det er ikkje lett å oppdrive alle ingrediensar, eller kakeform for den del, eller steikeomn for den del, men no var alle ting på plass og kaka er allereie oppeti, vart ikkje noko bloggbilete av bragdi. Like greit, for steikeomnen heller, so kaka vart svært skeiv, men svært god.

Til sist – for tida er eg svært nøgd med å bu på ei øy der mesteparten er muslimar, og med at mitt feltarbeid er på ei endå mindre øy, og 100% islam. Kvifor? Fordi det er langt mellom svinefarmane (har høyrt rykter om ein liten svinefarm på austkysten, men dette er berre lause rykter.. Ja også desse villgrisene då, men heller ikkje dei har eg sett).

Leave a comment »

Olje og gass

Ein blogg kan vere litt av ei ego-greie. «Meg og mitt». La meg vere litt samfunnsengasjert i dette innlegget, og heller skrive om ei dagsaktuell sak frå avisene på Zanzibar/i Tanzania.

I 1964 vart Tanganyika og Zanzibar til unionen Tanzania. Spørsmål om «kva er ein union, ein stat» og om rettar og plikter til dei to partar, er blitt høgst aktuelle dei siste dagane. Grunnen er (planar om) leiting etter olje og gass nær Zanzibar.

Kva om dei finn noko, kven skal då ha rett på inntektene? Dette er stridstemaet.

Ein heil del representantar frå House of Repsentatives på Zanzibar meiner at olje- og gassinntekter frå eventuelle felt rundt Zanzibar må tilfalle Zanzibar, og berre Zanzibar. Andre røyster (særleg frå fastlandet) seier det motsette. Er det union, so er det union, då skal alt delast.

Det er interessant dette. Eg har tenkt mykje på dette med industri her på Zanzibar. Det er so godt som ingen fabrikkar her, det er ikkje eit industrisamfunn i den forstand. Mange grunnar, eg torer ikkje seie alt eg meiner om det. Den einaste industrien ein finn her er turistindustri. Dei siste åra har so godt som ALL investering i næringsverksemd vore innan turistindustrien. Men turistindustrien er også risky business, plutseleg snur det. Den «globale finanskrisa» er blitt svært merkbar her, det er kronisk lågsesong for tida.

Kva då med eit oljeeventyr? Tumbatu, det nye Stavanger?

Forresten, feltarbeidet går fint. Etter 2 veker på halv maskin (sjuk/påske) er det no super-duper-fart igjen. Dei siste to dagane har vore perler når det gjeld gode feltdata. Mykje ny forståing, antropologen forstår at alt heng saman.

Til dømes: eg har stussa over kvifor ingen syng til småbarna sine. Ingen trøystande song når dei skrik eller når dei skal sove. Og når eg held babyar, og trallar i veg slik me gjer heime, ja då ler kvinnene høgt; «ho syng!!». Som om himmelen har falle ned i hovudet på dei. Forklaringa er muligens so enkel som dette: Islam likar ikkje musikk. (Ja, eg veit at Islam ikkje er ein person, men for å forenkle).

Comments (2) »

So long, Marianne

Når eg får nok av «bongoflava», reggae, taarab, bønnerop, eller rett og slett berre ynskje høyre på ein av dei finaste songane som er, er det «So long, Marianne», med Leonard Cohen eg set på. Den reddar ein dårleg dag, eller tek ein super dag til nye høgder. Og no med nye høgtalarar til laptopen – lukka er komplett.

Apropos namn, her er eit godt utval namn frå Tumbatu anno 1964 (vallister). Kanskje nokon kan fenge (Nes??)?:

 Kvinner:

Uri og Sauda! Vidare: Bidani, Habiba, Hanabi, Haruna, Kazija, Nahija, Nazuma, Rizik, Safia, Shindano, Shukuru, Usuri, Tadudi, Wanje, Wanu, Yenu, Zuhura.

 Menn:

Athman, Dadi, Faki, Fum, Gora, Hamdu, Idrisa, Jaffar, Kidire, Kinanga, Kirosa, Musa, Nahoda, Shakwa, Shamata, Simai, Simba, Sungura, Taha, Usi, Zedan, Zubeir.

 

Leave a comment »