Ein dag

Historia om ein tilfeldig dag på øya. Fyrst fekk me ein fisk. Mannen i huset hadde skaffa den. Anten var det ein «shark/papa», eller ein «canadi», det går i surr med desse fiskenamna.

020-2

Me steikte den på grua (nokon stykke kokte me, for mora i huset veit at eg er so «sunn» og føretrekk kokt fisk. Og den fisken var HEILT N-Y-D-E-L-E-G. Hadde eg berre kunna lagt ut mat på blogg, fysisk)

023-2

Me såg regnet komme, det var berre til å setje seg og vente..

024-2

Og regnet kom. Takrenna er forlenga ned i eit reservoir, no er det nesten fullt. Me samla også regnvatn i bøtter og spann. Det er jo berre regnvatn me drikk, vaskar oss med, kokar av, etc.

028-2

Gatene blir til bekkar. Eller «gater».. Det er vel ikkje rette ordet. Steingrunn over alt, steinane er so skarpe, dei et opp skorne, sandalene. Eg veit ikkje kor mange par sandaler eg har slite ut til no.

034-21

Høna ligg i regnet, ventar. Ho har ein kylling under seg, trur eg.

036-2

Til slutt slenger eg på eit bilete av meg! Frå maulidifeiringa, litt skummel, men dei seier det er viktig med «wanja», svart rundt augene. Dette er det endelege provet: eg lever og har det bra.

014

2 kommentarar so far »

  1. 1

    Storesøster said,

    Gratulerer med 25 års dagen, Eli!

    Kjekt å høyre om ein normal dag på øya di! Ein normal dag her, i dag, byrja med rign, so snø og so attende til rign. Og vind. På skulen har me hatt besøk av Vilvite senteret på hjul. Me har laga allslags balong bomber, kopla strum og vore inne i eit planetarium. Hadde vore more om ungane på øya di hadde fått besøk av noko slikt! Dei som sikkert ikkje eingong veit kva ei lyspære er. Forskjellar.

    NB: Dette bildet er ikkje eit bevis på at du lever og har det bra, det er skummelt! Når får me sjå deg i hijab (eller jihab, som eg har for vane å sei)?

  2. 2

    eormberg said,

    me får aldri sjå meg i verken jihab eller jihad eller hijab.. Ja, det var nesten ei spøk med dette «bildeprovet» på at eg lever og har det bra, for det ER jammen eit skummelt bilete. Men eg insisterer på at eg har det bra. I går var ein fantastisk fin dag frå kl 07 til kl 2.30 eller noko. Dagstur til Kendwa Rocks, bada, norsk selskap, sol, middag i byen seinare, berre stas. Heile helga har vore veldig fin faktisk, utruleg godt med 2 dagars feltpause, vere uvitande og ubekymra turist igjen.

    Eg skal sjå om eg kan få til eit normalt bilde av meg, kanskje i finstasen 17.mai?


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: