Eller «mauridi», som det heiter på Tumbatu. Over heile Zanzibar har det vore maulidifeiring den siste tida, feiringar til minne om fødselen av profeten Muhammed. Tumbatu er kjend for å ha den største, mest intense feiringa. So no har eg altso vore på Tumbatu i ei og ei halv veke, mauridi nesten kvar einaste dag. Sang, dans, mykje rart, stor dose islam desse dagar. Tumbatu har to landsbyar, Gomani og Jongowe, eg fekk med meg feiringa begge stader, helst på dagtid, men dei to siste nettene byrja feiringa kl 24 og heldt på til 06 (for dei som orka vake so lenge, ikkje meg).
Vel attende i byen brukte eg omtrent ein føremiddag berre på å bli rein att etter opphaldet, og på å byrje på klesvasken (tek tid når alt vaskast for hand). Vatn var eit problem desse dagane, siste dagar før me venta regntida, «masika». Tankane som samla regnvatn gjekk tome (på Tumbatu drikk me regnvatn), mora i huset måtte gå langt for å hente vatn, bære store bøtter på hovudet. So dusjing vart det knapt med, der er jo heller ingen dusj, berre noko bøttesystem. Forresten, når eg er inne på det, eg skal også forklare doen. Doen er tilforveksling lik den kyrne brukar borti fjøsen. Eit firkanta lite hol i eit sementgolv, med ei treluke med ein spikar til handtak i over.
Det er lite glamour i ein antropolog sin kvardag:
-i eit tidlegare blogginnlegg snakka eg om maur, at Zanzibar ikkje er plassen å reise til om ein er redd maur. No må eg utvide dette til å gjelde mange ulike typar maur, alle med sine utfordringar. Det må også gjelde kakerlakkar på doen, rotter i taket og over golvet (men heldigvis ikkje inne på rommet mitt), og ein skorpion på kjøkenet.
-angåande dusjing og kroppslukt. Når eg er på Tumbatu luktar eg mjølk/mjelk/melk. Eg veit ikkje korleis det går til, men eg tykkjer det luktar mjølk av meg. Sur-søt mjølk, som den eg hugsar me hadde i ein blå kagge i mjølkehuset, til kalvane. Eg luktar absolutt ikkje vondt, heller godt. Det passar også bra for ein «mjølkebonde» å lukte mjølk.
Ein annan artig ting som skjer på Tumbatu er at eg plutseleg kjem på norske songar, ut av det blå:
«Dagen gryr, et eventyr, hver gang himmelen i øst tar fyr» (Sissel Kyrkjebø)
«En himmel full av stjerner, blått hav så langt du ser. En jord der blomster gror, kan du ønske mer? Sammen skal vi leve, hver søster og hver bror. Små barn av regnbuen, på en frodig jord.» (Lillebjørn Nilsen).
Det seier gjerne noko om korleis det er på Tumbatu.