Archive for juni, 2009

Snapshots Zanzibar

25

Foten min, fin føljetong. Kvar gong stappar legen inn masse gasbind dynka i noko gul «dawa», medisin. Trur det gror fint, berre litt sakte..

33

På Zanzibar er det meir å velje i enn gul Bama med gjennomsnittsbøyg. Alle desse er søte. Den raude banana kallar dei «mzungubanan», «mzungu» er også klengenamn på alle kvite folk på Zanzibar. Det tyder «annleis» eller «framand»

24

Denne fine apekatten likar tomater betre enn bananer. Eg vitja NGOen Zanzibar Animal Affection Society! Dei har NGOar for absolutt alt her, nokon burde komme å rydde opp, det er eit salig NGO-rot (NGO = Non-Governmental Organization)

001 

 

Dette fekk eg i dag, henna. Det som er svart skrapast av når hennamassen har tørka, under er huda blitt orange. I løpet av dagen har fargen mørkna til raud-brun, flott farge.

006

Kanskje ny føljetong:  «Gamle bilete frå Zanzibar»? Eg fekk lov å avfotografere eit bilete av mora til nokon eg kjenner her i byen, frå hennar ungdom. Tidene har endra seg mykje også på Zanzibar. Dette må vel vere tidleg 70-tal, afro var «in». No er det ikkje spørsmål om «in» eller «ut», kvinner skal dekke håret, punktum. Forresten, miniskjørt var også populært på den tid, men samstundes forbudt ved lov. Den eine dama på biletet vart faktisk arrestert ein gong ho gjekk kledd i miniskjørt på kveldstid. Men so veldig strengt var det likevel kanskje ikkje..ho vart seinare gift med politimannen som arresterte henne:)

Siste bilete har eg ikkje noko snapshot av. Eg sat ein ettermiddag og skreiv inn intervju på dataen, i opphaldsrommet i huset der eg bur. Han som eig huset sa at ein venn av han kvilte inne i rommet ved sidan av opphaldsrommet, døra var lukka. Der var ganske stilt der innanfrå, men ikkje heilt. So omsider vart då døra låst opp, ut kom ein lokal mann. Og ei dame etter han, med burkaen mildt sagt på snei. Ok, ikkje burka, det heiter buibui og sjal og ninja. Uansett, alt utanom augene var dekka.

Alltid er det desse damene som skuler på meg, alltid er det no noko me «mzunguaane» gjer feil, kler oss feil, etc. Men denne gongen var det min tur til å skule på henne der ho stavra seg ned trappa, retta på sjalet for harde livet. Veddar alt på at begge er gift.

Leave a comment »

Snart på tide å komme seg heim

 

021

032

034

Bloggen min treng litt krydder, desse bileta skulle gjere susen. Det er ikkje kvar dag eg har ein slik attraksjon å syne fram.

Fyrste biletet frå forrige laurdag, rett etter «operasjon», to neste frå i går, ei veke etter. Eg oppfordrar folk med legeutdanning til å kommentere, ser det greit ut eller ikkje?

Forresten, dette er no eit «fint» sår. Forrige måndag var det «not a nice wound». Mørkt og fullt av ny puss. Det var vel då legen klipte/skar/skrapa vekk mesteparten av det de ser manglar i dette krateret, utan bedøving. Nei, eg vil ikkje kallast noka pyse

Comments (5) »

Listetopp

På andre jostedalsbloggar ser eg lister over filmar, musikk, personar. Etter dagen i går har også eg ei liste å komme med: SMERTElista. Smertelista mi fekk seg ein suveren topplassering i går, håpar den held seg på topp ei god stund, for det var ilt.

 Det heile byrja med eit insektstikk på fotrista, kanskje 2 veker sidan. Det vart betent, stort, på laurdag kveld gjekk eg til ein klinikk, dei bedøva, skar, tok ut puss til det berre var eit hol, krater igjen. I dag då eg var attendeder, sa legen at såret («cavity») ikkje var pent, han måtte reinse igjen. Denne gongen utan bedøving, med ei metalltang, rett nedi såret..rota rundt og drog ut, skrapa vekk, alt han ikkje likte. F-Y søren. Og reinsa med Hydrogen Peroxide, sterke saker.

Det er ein god klinikk, dei veit kva dei gjer, so eg trur det ordnar seg, berre so det er sagt. I dag såg det betre ut.

 Kva kan me lære av dette då?

 Jo, at lita tue kan velte stort lass, som ordTØKJET seier. Eit lite, idiotisk insekt kan lage mykje bal. Eg kan ikkje reise til felt-øya desse dagane, må halde meg her. Men so lenge eg kan gå på foten, klagar eg ikkje. Eg får gjort mykje feltarbeid og intervju her i byen òg.

 Læring 2: tropisk klima ikkje er berre berre. Alt ein får av små sår blir mykje lettare infisert her enn i kaldare, turrare klima. Eg kan nesten ikkje vente med å komme heim, få skrubbsår, og sjå dei gro!

Leave a comment »

Æsj

Zanzibar som er so solfylt, skulle tru det berre var solskin å melde på ein blogg herifrå, men nei. Om du er ute etter hyggeleg lesnad og godt humør, kan du hoppe over bloggen min denne gongen.

Eg skal passe meg, personvern, snakkar kryptisk. Fyrste gongen eg kom til Tumbatu var der ei jente på min alder som synte meg rundt. Ho er også høg, som meg. Og eg stussa over magen hennar, var ho bittelitt tjukk eller var ho vordande, «mjamzito»? Det vart aldri snakka noko om dette, men etterkvart  har magen hennar blitt større og større, so eg har forstått at ho har venta barn. No siste gongene eg har vore på øya, har ho vore veldig høggravid, berre vore inne i hytta eller huset eller kva eg skal kalle det.

På torsdag i forrige veke reiste eg til øya igjen. I «venterommet» til båten over til øya pratte eg med nokre damer. Eller rettare, dei pratte og pratte til meg, eg nikka meir enn eg forstod. Men endeleg forstod eg at jenta eg har fortalt om allereie har fødd, ei jente. Men «ameshafariki», «babyen er allereie gått bort». 3 dagar etter fødselen, har eg seinare fått høyre. Det er frykteleg trist. Eg lurer på kva spedbarn døyr av etter 3 dagar. Eg lurer også på om babyen hadde levd om ho hadde vorte fødd på Ullevål, eller Førde eller Lærdal for den del. Om svaret er ja, er det endå tristare.

Trist 2: ei gamal dame som eg også kjenner godt på øya, er sjuk for tida. Då eg fyrst møtte henne vart eg aldeles overvelda, so sprek! Lita, gamal dame, går langt til åkeren sin kvar einaste dag, frå 6-tida om morgonen til sola vert for sterk rundt kl 12. Men no har ho stygg hoste, ligg til sengs. Det er ikkje so rart. Kvinnene kokar mat på bål heile livet, og kostar turre jordgolv. Røyk og støv er noko styggedom i lungene deira. Eg kan i det minste kjøpe hostesaft og ta med, men kva meir, eg veit ikkje.

Trist 3: dette er faktisk ei stor sak. Eg fekk vite om det fyrst i dag, måndag, endå det visst skjedde fredag eller laurdag. Eg trudde det skulle stå om det på dagbladet.no, men nei. Kanskje det var notis om det i helga, men neppe. Eit lasteskip frå Dar es Salaam gjekk rundt og sank ved hamn her i Stone Town, Zanzibar. Skipet frakta hovudsakleg last, men sjølvsagt var der òg passasjerar ombord. Og sjølvsagt, som med absolutt alle transportmiddel her, var der for mange passasjerar, fleire enn det offisielle talet seier. Nokre er funne omkomne, 20-30 overlevde, men kor mange som eigentleg omkom, det veit ingen endå. Mange meiner over 50, kanskje opp mot 100. Passasjerane oppheldt seg nederst i båten, og då båten kantra, var der ikkje nok utgongar, dei var innestengde. Ein del last fall dessutan ned på dei, der var nokre bilar ombord. Det er grusomt å tenkje på. Innestengde nederst i ein synkande båt. Og fortsatt manglar det folk og utstyr til å starte arbeidet med å heve båten, og prøve finne dei omkomne. Slikt utstyr finst rett og slett ikkje her.

http://www.nation.co.ke/News/africa/-/1066/605016/-/13a06xhz/-/index.html

Hadde her vore meir pengar, hadde kanskje ikkje 3 dagar gamle barn døydd, gamle damer måtte hosta utan lindring, eller skip kantra ved hamn utan redning.

Comments (2) »