I alle fall ikkje i Dagbladet

Fekk nett ein mail av ein amerikansk professor eg hadde kontakta angåande felt-øya mi. Han nemnde i ein bisetning at «det er no for gale med dei her tåregassbombene dei har fått over seg denne veka». Hæ??! Tåregassbomber?? Eg fekk aldeles sjokk. Men det står her:

http://allafrica.com/stories/200909221234.html

Kort fortalt: CCM er styrande parti på Zanzibar. Det er nytt val hausten 2010. For å behalde makta, må dei unngå at folk får høve til å stemme, for eit  fleirtal stemmer truleg på opposisjonen/ville stemt om dei hadde hatt høve. Dermed har styresmaktene innført eit system med ID-kort, alle må ha dette nye ID-kortet, og gå til stemmelokala og registrere seg – lenge før dei skal stemme. Utan ID-kort, inga registrering, ikkje lov å stemme. So då er det lett: berre ikkje gi folka ID-korta. Folk protesterer, demonstrerer over at korta vert haldne tilbake, og dermed ikkje får registrere seg til å stemme (på opposisjonen CUF). Ja, og det var der tåregassen kom inn i biletet.

Leave a comment »

«Tradisjoner til besvær»

Ja huff, det er uhøyrt! At turistar på Bali skal måtte forholde seg til lokale tradisjonar.

Også at dei lokale brukar so mykje pengar på desse heilt unyttige tradisjonane og seremoniane! Prøv å skrive ein artikkel om norske feiringar; 17.mai, jul, nyttår, påske, og sjå om det ikkje også der blir brukt ein del pengar. Og det er ikkje få hjå oss heller som sikkert seier kvart år at » nei me skulle kanskje moderere oss litt, alle desse julegåvene, og alt dette materielle..», men me gjer det vel stort sett ikkje.

http://fritanke.no/REPORTASJE/2009/Tradisjoner_til_besvar/

Leave a comment »

har du sett

vakje eigentleg meint på å blogge meir, ikkje før eg har noko å komme med, i alle fall. Og no kom eg over ei side på nettet, sovidt eg ikkje datt av krakken.

«Så lyden av Herrens herlighet ble sendt ut fra noen kraftige høytalere, langt inn i jungelen hvor masse muslimer bor.»

http://www.123hjemmeside.no/Zanzibaraksjon/

Comments (1) »

Bittersøte Zanzibar

Om 3 dagar flyg eg nord att. Men Zanzibar held seg vel ei stund til, det går an å reise attende.

Det går an å reise attende til stad, men ikkje til tid. Det er dette som er antropologi, eigentleg, å skrive eit bilete av noko som er her og no. Som eit foto, eit knips av ei tid – i det eine augeblikket samtid, i det andre – eit minne.

Men eg hadde ikkje venta at det skulle gå so fort! Oppgåva mi vert utdatert før den ein gong er skriven. I går kom eg attende til byen etter å ha vore på den straumlause, isolerte feltøya mi for siste gong (for denne gong). På øya vart eg til gagns minna på at tida ikkje står stille. Grunna denne foten min har eg ikkje vore der på ei stund.  Og på denne vesle stunda er alt endra! Det er kome straumstolpar på øya (norsk prosjekt). I alle hus av nyare dato jobbar elektrikarar for fullt med å installere elektrisk anlegg. Dei reknar med å få elektrisitet om 6 månader.

Og der er komne turistar! Berre nokre små grupper iblant, men likevel, dette endrar alt! Meir enn ein skulle tru. Eg kunne skrive veldig mykje om dette, men la meg berre seie. Eg trur ikkje eg likar det, turisme på denne øya. Men kanskje det må til.

Truleg som ein konsekvens av turistane sitt inntog, såg eg òg for fyrste gong ei dame som tigga. Ei gamal dame med berre ei tann i kjeften, med handa tiggande ute, det har eg aldri sett der før, sjølv kor fattige dei er.

Og ein ting til, eg vil berre fortelje. Eg var nett og vitja ei dame frå denne øya, ho er på sjukehus. Ho har vore gravid heile tida medan eg har vore der, no hadde ho fødd, kanskje ei veke sidan. Ho skulle eigentleg reist til byen for å føde på det offentlege sjukehuset, men av ein eller annan grunn fødde ho heime. Diverre gjekk det ikkje bra. Klokka 4 på natta tilkalla dei lege, fødselen var i gang, hovudet var ute, men resten av ungen kom ikkje ut. Legen fekk ikkje til noko meir, ho måtte til sjukehuset på Zanzibar, hovudøya. Reiseruta gir meg tårer i augene. Fyrst vart ho båren på ein stol (!), truleg utan sete, i mørket, ned ein sti som er meir skarp stein enn veg. Heilt frå huset deira, oppe i høgda, ned til stranda. Derifrå med motorbåt over til Mkokotoni på Zanzibar, tek kanskje 10 – 20 minutt. Frå Mkokotoni med ein eller annan bil til eit sjukehus eit stykke lenger vekke. Heile vegen med ungen halvt ute. Den overlevde ikkje, kanskje døydde den allereie før dei kom til båten, eg veit ikkje. No var eg og vitja henne, ho var på dette offentlege sjukehuset, fødeavdelingen var rusten og gamal og grueleg ukoseleg, det var ikkje noko fint å sjå.

Dei fleste kvinner på Zanzibar går med kanga, eit tøystykke dei brukar som «overskjørt», liknande sarong. Alle har ei påskrift, vise ord. Hennar kanga sa «Sitaki maneno» = eg vil ikkje ha (høyre) ord.

Bilete frå tidleg morgon i går, tok båt frå øya, kom i land i Mkokotoni på Zanzibar.

115

114

Leave a comment »

Snapshots Zanzibar

25

Foten min, fin føljetong. Kvar gong stappar legen inn masse gasbind dynka i noko gul «dawa», medisin. Trur det gror fint, berre litt sakte..

33

På Zanzibar er det meir å velje i enn gul Bama med gjennomsnittsbøyg. Alle desse er søte. Den raude banana kallar dei «mzungubanan», «mzungu» er også klengenamn på alle kvite folk på Zanzibar. Det tyder «annleis» eller «framand»

24

Denne fine apekatten likar tomater betre enn bananer. Eg vitja NGOen Zanzibar Animal Affection Society! Dei har NGOar for absolutt alt her, nokon burde komme å rydde opp, det er eit salig NGO-rot (NGO = Non-Governmental Organization)

001 

 

Dette fekk eg i dag, henna. Det som er svart skrapast av når hennamassen har tørka, under er huda blitt orange. I løpet av dagen har fargen mørkna til raud-brun, flott farge.

006

Kanskje ny føljetong:  «Gamle bilete frå Zanzibar»? Eg fekk lov å avfotografere eit bilete av mora til nokon eg kjenner her i byen, frå hennar ungdom. Tidene har endra seg mykje også på Zanzibar. Dette må vel vere tidleg 70-tal, afro var «in». No er det ikkje spørsmål om «in» eller «ut», kvinner skal dekke håret, punktum. Forresten, miniskjørt var også populært på den tid, men samstundes forbudt ved lov. Den eine dama på biletet vart faktisk arrestert ein gong ho gjekk kledd i miniskjørt på kveldstid. Men so veldig strengt var det likevel kanskje ikkje..ho vart seinare gift med politimannen som arresterte henne:)

Siste bilete har eg ikkje noko snapshot av. Eg sat ein ettermiddag og skreiv inn intervju på dataen, i opphaldsrommet i huset der eg bur. Han som eig huset sa at ein venn av han kvilte inne i rommet ved sidan av opphaldsrommet, døra var lukka. Der var ganske stilt der innanfrå, men ikkje heilt. So omsider vart då døra låst opp, ut kom ein lokal mann. Og ei dame etter han, med burkaen mildt sagt på snei. Ok, ikkje burka, det heiter buibui og sjal og ninja. Uansett, alt utanom augene var dekka.

Alltid er det desse damene som skuler på meg, alltid er det no noko me «mzunguaane» gjer feil, kler oss feil, etc. Men denne gongen var det min tur til å skule på henne der ho stavra seg ned trappa, retta på sjalet for harde livet. Veddar alt på at begge er gift.

Leave a comment »

Snart på tide å komme seg heim

 

021

032

034

Bloggen min treng litt krydder, desse bileta skulle gjere susen. Det er ikkje kvar dag eg har ein slik attraksjon å syne fram.

Fyrste biletet frå forrige laurdag, rett etter «operasjon», to neste frå i går, ei veke etter. Eg oppfordrar folk med legeutdanning til å kommentere, ser det greit ut eller ikkje?

Forresten, dette er no eit «fint» sår. Forrige måndag var det «not a nice wound». Mørkt og fullt av ny puss. Det var vel då legen klipte/skar/skrapa vekk mesteparten av det de ser manglar i dette krateret, utan bedøving. Nei, eg vil ikkje kallast noka pyse

Comments (5) »

Listetopp

På andre jostedalsbloggar ser eg lister over filmar, musikk, personar. Etter dagen i går har også eg ei liste å komme med: SMERTElista. Smertelista mi fekk seg ein suveren topplassering i går, håpar den held seg på topp ei god stund, for det var ilt.

 Det heile byrja med eit insektstikk på fotrista, kanskje 2 veker sidan. Det vart betent, stort, på laurdag kveld gjekk eg til ein klinikk, dei bedøva, skar, tok ut puss til det berre var eit hol, krater igjen. I dag då eg var attendeder, sa legen at såret («cavity») ikkje var pent, han måtte reinse igjen. Denne gongen utan bedøving, med ei metalltang, rett nedi såret..rota rundt og drog ut, skrapa vekk, alt han ikkje likte. F-Y søren. Og reinsa med Hydrogen Peroxide, sterke saker.

Det er ein god klinikk, dei veit kva dei gjer, so eg trur det ordnar seg, berre so det er sagt. I dag såg det betre ut.

 Kva kan me lære av dette då?

 Jo, at lita tue kan velte stort lass, som ordTØKJET seier. Eit lite, idiotisk insekt kan lage mykje bal. Eg kan ikkje reise til felt-øya desse dagane, må halde meg her. Men so lenge eg kan gå på foten, klagar eg ikkje. Eg får gjort mykje feltarbeid og intervju her i byen òg.

 Læring 2: tropisk klima ikkje er berre berre. Alt ein får av små sår blir mykje lettare infisert her enn i kaldare, turrare klima. Eg kan nesten ikkje vente med å komme heim, få skrubbsår, og sjå dei gro!

Leave a comment »

Æsj

Zanzibar som er so solfylt, skulle tru det berre var solskin å melde på ein blogg herifrå, men nei. Om du er ute etter hyggeleg lesnad og godt humør, kan du hoppe over bloggen min denne gongen.

Eg skal passe meg, personvern, snakkar kryptisk. Fyrste gongen eg kom til Tumbatu var der ei jente på min alder som synte meg rundt. Ho er også høg, som meg. Og eg stussa over magen hennar, var ho bittelitt tjukk eller var ho vordande, «mjamzito»? Det vart aldri snakka noko om dette, men etterkvart  har magen hennar blitt større og større, so eg har forstått at ho har venta barn. No siste gongene eg har vore på øya, har ho vore veldig høggravid, berre vore inne i hytta eller huset eller kva eg skal kalle det.

På torsdag i forrige veke reiste eg til øya igjen. I «venterommet» til båten over til øya pratte eg med nokre damer. Eller rettare, dei pratte og pratte til meg, eg nikka meir enn eg forstod. Men endeleg forstod eg at jenta eg har fortalt om allereie har fødd, ei jente. Men «ameshafariki», «babyen er allereie gått bort». 3 dagar etter fødselen, har eg seinare fått høyre. Det er frykteleg trist. Eg lurer på kva spedbarn døyr av etter 3 dagar. Eg lurer også på om babyen hadde levd om ho hadde vorte fødd på Ullevål, eller Førde eller Lærdal for den del. Om svaret er ja, er det endå tristare.

Trist 2: ei gamal dame som eg også kjenner godt på øya, er sjuk for tida. Då eg fyrst møtte henne vart eg aldeles overvelda, so sprek! Lita, gamal dame, går langt til åkeren sin kvar einaste dag, frå 6-tida om morgonen til sola vert for sterk rundt kl 12. Men no har ho stygg hoste, ligg til sengs. Det er ikkje so rart. Kvinnene kokar mat på bål heile livet, og kostar turre jordgolv. Røyk og støv er noko styggedom i lungene deira. Eg kan i det minste kjøpe hostesaft og ta med, men kva meir, eg veit ikkje.

Trist 3: dette er faktisk ei stor sak. Eg fekk vite om det fyrst i dag, måndag, endå det visst skjedde fredag eller laurdag. Eg trudde det skulle stå om det på dagbladet.no, men nei. Kanskje det var notis om det i helga, men neppe. Eit lasteskip frå Dar es Salaam gjekk rundt og sank ved hamn her i Stone Town, Zanzibar. Skipet frakta hovudsakleg last, men sjølvsagt var der òg passasjerar ombord. Og sjølvsagt, som med absolutt alle transportmiddel her, var der for mange passasjerar, fleire enn det offisielle talet seier. Nokre er funne omkomne, 20-30 overlevde, men kor mange som eigentleg omkom, det veit ingen endå. Mange meiner over 50, kanskje opp mot 100. Passasjerane oppheldt seg nederst i båten, og då båten kantra, var der ikkje nok utgongar, dei var innestengde. Ein del last fall dessutan ned på dei, der var nokre bilar ombord. Det er grusomt å tenkje på. Innestengde nederst i ein synkande båt. Og fortsatt manglar det folk og utstyr til å starte arbeidet med å heve båten, og prøve finne dei omkomne. Slikt utstyr finst rett og slett ikkje her.

http://www.nation.co.ke/News/africa/-/1066/605016/-/13a06xhz/-/index.html

Hadde her vore meir pengar, hadde kanskje ikkje 3 dagar gamle barn døydd, gamle damer måtte hosta utan lindring, eller skip kantra ved hamn utan redning.

Comments (2) »

17.mai

Gratulere med vel overstått nasjonaldag!

Her vart den feira ved Den Norske Ambassade sin Residens i Dar es Salaam, som i fjor. God stemning på offisiell mottaking fredagskvelden, med fri alkohol og store mengder røykelaks, rakfisk, sild, spekekjøt. Møtte til og med ei hafslobygding-jente der. På sjølve nasjonaldagen var det barnetog, tale, musikk, kaker, vafler, røykelaks igjen, pølse i brød, sekkeløp, potetløp, tautrekking. Nett som 17.mai skal vere, mangla berre sludd og snøbyger.

016

 Forrige veke var litt uglamorøs på Tumbatu. Me sanka «natural fertilizer», møk. Dei to lokale damene eg var med, plukka møkaruer for hand, utan hanskar. Kurant forsovidt, desse kyrne har mykje turrare og finare møk enn våre norske kraftfor-silo-rundball-kyr. Men likevel, eg fann meg noko plastmålar for å ta opp møkaruene. Forhåpentlegvis veks cassawaen og maisen godt no.

Frå å omtrent stå klar på Tumbatu og vente på at kyrne skulle drite, var det altso godt å setje seg på hurtigbåten til Dar for Noregsfeiring, og generell langhelg. Me reiste til «East Africa’s biggest Waterworld», eg fekk brannsår på ryggen av eine sklia. Takk og lov for at eg ikkje reiste i den verste, brattaste sklia, eg hadde nok daua, afrikanske badeland er ikkje idiotsikre. Me var på Sweet Easy, uteplass med sinnsjukt bra live reggaeband, promenerte på Coco Beach, hadde gode tider.

Men på måndag var det godt å komme attende til Stone Town! Til trygge små gater utan altfor mange menneske. I Dar måtte ein heile tida vere på vakt, inga veske, lommebok, pengar, synleg. Det er trøyttande og tungvint i lengda. Og eksos – i Dar er det heilt ekstremt, eg heldt pusten frå eg kom på fredag til eg reiste att måndag, heilt sant. I Stone Town er dei fleste gater eksosfrie.

Til sist to bilete frå for eit par veker attende. Me tok båt ut til ein sandbanke midt uti havet. Kva er vel vakrare enn å sitje og vente på solnedgong samstundes som månen skodar oss i ryggen?

026

031

Leave a comment »

Ein dag

Historia om ein tilfeldig dag på øya. Fyrst fekk me ein fisk. Mannen i huset hadde skaffa den. Anten var det ein «shark/papa», eller ein «canadi», det går i surr med desse fiskenamna.

020-2

Me steikte den på grua (nokon stykke kokte me, for mora i huset veit at eg er so «sunn» og føretrekk kokt fisk. Og den fisken var HEILT N-Y-D-E-L-E-G. Hadde eg berre kunna lagt ut mat på blogg, fysisk)

023-2

Me såg regnet komme, det var berre til å setje seg og vente..

024-2

Og regnet kom. Takrenna er forlenga ned i eit reservoir, no er det nesten fullt. Me samla også regnvatn i bøtter og spann. Det er jo berre regnvatn me drikk, vaskar oss med, kokar av, etc.

028-2

Gatene blir til bekkar. Eller «gater».. Det er vel ikkje rette ordet. Steingrunn over alt, steinane er so skarpe, dei et opp skorne, sandalene. Eg veit ikkje kor mange par sandaler eg har slite ut til no.

034-21

Høna ligg i regnet, ventar. Ho har ein kylling under seg, trur eg.

036-2

Til slutt slenger eg på eit bilete av meg! Frå maulidifeiringa, litt skummel, men dei seier det er viktig med «wanja», svart rundt augene. Dette er det endelege provet: eg lever og har det bra.

014

Comments (2) »