Archive for januar, 2009

Uroa

Ikkje stemninga, humøret, tilstanden, men staden Uroa. På austkysten av Unguja (sørøya) ligg Uroa. So langt er Uroa den kanskje Rolegaste plassen eg har vore på Zanzibar. Eller nabolandsbyen Chwaka, der likte eg meg utruleg godt. God stemning, lune folk. Det er visst fordi folka der kjem frå litt over alt på Zanzibar, ulike impulsar og vaner.

Førre helg tok me ei utflukt til Uroa altso. Der drakk eg den til no verste alkoholen eg har drukke; lokalt laga papayabrennevin. Smaken var grusom, men hovudet vart lett – som ein stad mellom raudvin og tequila. Eg må nemne at baren hadde 3 trebenker mellom to palmebladhytter, og etter litt forhandling, ei oljelampe i taket. Musikken var ein radio langt i det fjerne og eit sagbruk like ved. Himmelen som vanleg fylt av stjerner.

Neste dag gjorde me ei episk reise (heiter det det?). Nokon hadde høyrt gjete ei grotte eller hole inni skogen, der det skulle finnast ville griser. På ei øy med over 90% muslimar, og ein Islam dessutan i samspel med ein del lokal åndetru, er griser ikkje berre spesielt, men også farleg og djevelsk. Folk går helst ikkje dit, og om dei går dit er det fordi dei har mørke ærend.

So då gjekk me altso, eit følje på 6 folk og ein flokk hundar. Langt inni skogen, 1-2 timar kvar veg. Me skulle hatt med oss ein vaksen landsbymann, sidan grotta er spesiell på denne måten, men det fekk halde med ein gut som visste vegen. Heitt var det, men me fann ein brønn med friskt vatn. Me snubla også over ei stor slette med cherrytomater, varme av sola, mmm.. Plukka papaya, skrelte og åt på vegen. So kom me då til denne hola. Det var vel meir eit krater, kanskje 100 m i diameter, og kanskje 20 m ned til botnen. På overflata, der me stod, var alt tørt, berre sand og tørr jord, stive busker. Men der nede var alt frodig, alle slags høge tre med store grøne blad, lianer. Og ein heimelaga stige ned. Men utan tau og sele likar eg helst å vere forsiktig, og ikkje stole på allslags stegar eg ikkje har laga sjølv (kanskje endå mindre dei..), so eg heldt meg oppå kanten. Det var ein som klatra ned, han kom seg so vidt oppatt, eine trinet losna på vegen opp.

Griser såg me ingenting til, dei kjem visst berre ut av ei hole dei har der nede når det regnar.

Me vandra attende, venta litt over ein time før daladalaen, lokale bussen, kom. Det er utan tvil den raskaste bilturen på øya so langt. Etter ei stund slutta sjåføren å stoppe for å sleppe av folk, han bremsa berre ned, so folk fekk hoppe av i fart. Og eit godt stykke av vegen var det jordveg full av holer. I ein ”buss” med trebenker under lågt tak dunka me oppi taket stadig vekk. Eg sat og nynna ”hompetitten, hompetatten” for meg sjølv, og var eigentleg nøgd med att det gjekk so hinsides fort, for eg var seint ute til avtale med

Lustringane! Takk for møtet og for pakke heimanfrå, og Lerum saft! Håpar det var fine dagar i Kendwa.

Comments (2) »

Ei veke går fort

Eg tykkjer tida flyg! Det er visst over ein månad sidan eg kom hit. Då er det liksom «berre» 6 mnd igjen. Det er på den eine sida ganske mykje, men om alle månader skal gå like fort som denne, er eg redd det er nesten ingenting.

So sidan sist, kva har eg gjort? Ganske mykje faktisk.

-eit innbringande møte i landbruksdept. Haldninga derifrå kan vere sjeldan både her og heime: «kva kan me gjere for deg, og korleis, og når?». Fantastisk. Og sjefen der hadde tru på prosjektet mitt, eg vart reint motivert av å høyre på han.

-flytta. Frå gjestehus til privat. Billigare, og no har eg også kjøken, det er deileg. Det er også kjekt å bu med ein frå New Zealand, ei frå Australia, ein frå Libya, og dessutan ein lokal familie på..eg veit ikkje kor mange. Eg klarer aldri telje ungane.

-helgetur til Kendwa, fullmånefest, soling og bading.

-litteratursøk på Ziori sitt bibliotek i byen. Det er derfor eg held meg i byen no i starten, for å gå i bibliotek og arkiv, samle litteratur til oppgåva.

-brukt ein heil dag!! på å skrive ein søknad. Det tek tid å skrive, skrive ut (særleg når eg skriv i word07 og alle printersjapper berre har word03), kopiere og styre. Og til sist, sende i post, før fristen:)

I morgon reiser me til Uroa på liten helgetur. Eg har også fått nyss om noko greier som skjer oppi Kendwa. Noko land er seld eller gitt til investorar som vil bygge ut turistanlegg. Men landet er allereie jordbruksland, har vore det i mange år, visst. Problemet er (antakeleg) at bøndene som har drive jorda, og folka som eig det (og no har selt det), ikkje er same folka. Dermed står bøndene plutseleg utan jord, for dei eigde den aldri, dei har berre drive den. Og no er bøndene sinte, dei prøver å henvende seg til Office for Legal Issues (eller noko i den dur), og det har vore innslag på BBC til og med. I alle fall, kanskje eg må ta meg ein tur attende til Kendwa snarast.

Eigedomsrett på Zanzibar er eit kapittel for seg, eg lurer på om eg nokonsinne skal bli klok på det.

Comments (5) »

Hoppetauet

Historia om hoppetauet må også forteljast. Eg kjøpte eit hoppetau på Tesco i sommarferien, eit blått, halvbra hoppetau. Det er genialt å ha med seg på reise, som eit vandrande treningsstudio. Her på Zanzibar er det ikkje særleg mange hokjønn som trenar, det heng saman med mykje. Men sidan me har ein fin takterrasse på gjestehuset der eg bur, hoppar eg tau der. Sidan det strengt teke er inne, ikkje offentleg-ute, dristar eg meg til å utfordre lokal kleskode og trene i singlet der av og til, i heten. Det er ikkje mange som kan sjå meg der, trur eg.

So det er altso to pussige/dårlege ting eg gjer på ein gong: trenar og kler meg i kun singlet (men det er i min ”heim”, so det er truleg greitt).

Men naboane lurer bak gardinene også her i Stone Town. Dei har tydelegvis sett meg hoppe tau. For i går, då eg gjekk ut på gata, var naboungane i full gang med – å hoppe tau! Dei hadde funne nokre gamle leidningar og gummislangar og styr, og prøvde etter beste evne å hoppe, med hyl og skrål. Nei, dei har aldri hoppa tau før. Ungane her leikar ikkje slik ungar i Noreg leikar. Dei har stort sett ingen leiker, og det vert ikkje sett på som noko foreldreansvar å aktivisere og stimulere (slik eg forstår det so langt).  Med andre ord, ungane kunne ikkje hoppe tau. Men det kan eg: framlengs og baklengs og med kryssa armar begge veger. Sjå på kvite jenta, ho kan hoppe tau!

Historia om hoppetauet er ei slags lita gladhistorie om positive ringverknader eg ikkje hadde venta. Om noko, hadde eg venta å få kommentarar, ”du kan jo ikkje halde på slik, jente som hoppar og trenar! I singlet!”. Men no er eg glad eg hoppa tau. Slutten på historia er likevel litt trist, tauet rauk i går (men eg skal nok fikse det).

Comments (5) »

Blåtonar

Breen spelar i blå tonar, vakkert er det. Men den har ikkje monopol på blåfargar. Den som står opp før kl 7 ein fredfull juledagsmorgon på austkysten her, får sjå ut i det uendelege blå. Eller grå. Eller kvite. Eller kva.

082

 

083

084

Leave a comment »

Nyttår og geita

Leo ni Ijuuma, tarehe pili, mweki wa kwanza, mwaka elfu mbili na tisa. Med andre ord, det er den andre januar 2009. Gratulere til bror Nils Joar! 32 år i dag, reknar eg meg fram til.

Velkomne til 2009. Eit år går so fort, før me veit ordet av det er det 2010 me skal feire inngongen til, inshallah. ”May you live every day for the rest of your life”, las eg ein stad, ein gong. Det får stå som mitt ynskje og oppfordring for det kommande år – og vidare.

Slik vart nyttår feira her:

006

 012

zk1

zk3

Båt ut til ein sandbanke midt i havet. Ein himmel full av stjerner, eit hav fullt av moreld. Nedteljing midt mellom land og sandbanken..3..2..1..2009! Vasse inn til banken. Skeptisk til båltenninga? Tydelegvis vart det bål. (Dei siste to bileta er det ikkje eg som har teke, takk til fotografen).

Nett no er det to distinkte lydar utanfrå. Den eine lyden er (diverre) sjeldan i Jostedalen, den andre førekjem der ikkje i det heile (som eg har fått med meg, i alle fall). Ei geit brøler og brøler, meir enn ho mekrar. Eg trudde lenge det var ”galedama” i nabohuset, men no har eg skjøna at det er ei geit, og noko må då feile den. Det er altso den eine lyden. Den andre lyden, som ser ut til å provosere fyrste lydkjelda, er bøneropa frå minaretane, nett no. Her i byen høyrer ein rop frå fleire minaretar på ei tid. Men om ikkje geita brøla frå før, brøler den i alle fall no, med plutseleg konkurranse. Ein uvanleg ljom er det, geita og bøneropa.

Comments (4) »