Olje og gass

Ein blogg kan vere litt av ei ego-greie. «Meg og mitt». La meg vere litt samfunnsengasjert i dette innlegget, og heller skrive om ei dagsaktuell sak frå avisene på Zanzibar/i Tanzania.

I 1964 vart Tanganyika og Zanzibar til unionen Tanzania. Spørsmål om «kva er ein union, ein stat» og om rettar og plikter til dei to partar, er blitt høgst aktuelle dei siste dagane. Grunnen er (planar om) leiting etter olje og gass nær Zanzibar.

Kva om dei finn noko, kven skal då ha rett på inntektene? Dette er stridstemaet.

Ein heil del representantar frå House of Repsentatives på Zanzibar meiner at olje- og gassinntekter frå eventuelle felt rundt Zanzibar må tilfalle Zanzibar, og berre Zanzibar. Andre røyster (særleg frå fastlandet) seier det motsette. Er det union, so er det union, då skal alt delast.

Det er interessant dette. Eg har tenkt mykje på dette med industri her på Zanzibar. Det er so godt som ingen fabrikkar her, det er ikkje eit industrisamfunn i den forstand. Mange grunnar, eg torer ikkje seie alt eg meiner om det. Den einaste industrien ein finn her er turistindustri. Dei siste åra har so godt som ALL investering i næringsverksemd vore innan turistindustrien. Men turistindustrien er også risky business, plutseleg snur det. Den «globale finanskrisa» er blitt svært merkbar her, det er kronisk lågsesong for tida.

Kva då med eit oljeeventyr? Tumbatu, det nye Stavanger?

Forresten, feltarbeidet går fint. Etter 2 veker på halv maskin (sjuk/påske) er det no super-duper-fart igjen. Dei siste to dagane har vore perler når det gjeld gode feltdata. Mykje ny forståing, antropologen forstår at alt heng saman.

Til dømes: eg har stussa over kvifor ingen syng til småbarna sine. Ingen trøystande song når dei skrik eller når dei skal sove. Og når eg held babyar, og trallar i veg slik me gjer heime, ja då ler kvinnene høgt; «ho syng!!». Som om himmelen har falle ned i hovudet på dei. Forklaringa er muligens so enkel som dette: Islam likar ikkje musikk. (Ja, eg veit at Islam ikkje er ein person, men for å forenkle).

2 kommentarar so far »

  1. 1

    Karin said,

    Spanande lesning i dagbladet i dag! Tenkte på deg med ein gong =)
    Sos.ant. har funne ut at der det blei lagt inn straum på Zanzibar hadde folk seg mindre. Altso; straum= lite sex ( folk la seg seinare…) Er dette noko du også skal undersøke? haha
    Men det står jo og sjølvsagt om positive verknader som at jentene gjekk meir på skule då dei slapp arbeidet med å bere vatn ( fekk innlagt vatn)..
    I allefall, her er link te artikkelen:

    http://www.dagbladet.no/2009/04/24/magasinet/forskning/sosialantropologi/5831078/

    God lesning=)

  2. 2

    eormberg said,

    Takk for link Karin! Eg las artikkelen før eg las kommentaren din, men klødde meg ein del i hovudet over korleis ein legg ut linkar på blogg. No slapp eg gjere det, thanx.

    Dette tykkjer eg er både ein velskriven avisartikkel, og ikkje minst er arbeida til Tanja Winther svært god antropologi. Ho syner korleis alt heng saman med alt, og det er vel nettopp den typen kunnskap antropologar skal vere i stand til å produsere.

    Tanja Winther sine arbeid, og Rakel E. Eide si hovudoppgåve om «Tid» på Mafia Island (nær Zanzibar) las eg før eg reiste hit i desember, og dei er stadig til inspirasjon og kjensle av gjenkjenning.

    Å lese avisartikkelen er som å vere på landsbygda på Zanzibar, også Tumbatu. Mellom anna det med mat, det er sant som det står, maten får ein heilt spesiell smak når den er laga på grue – ein slags lun ettersmak av røyk.

    Eg er ikkje komen for å forske på seksualvanar, men eg har no stussa over eitt og hitt likevel. Eg trur det er fleire faktorar som påverkar, og som, i alle fall i nokre landsbyar, plasserer spørsmålet om elektrisitet litt utpå sidelinja. Landsbyar med bittesmåsmå hus, kanskje 1-2-3 rom utan dører mellom(og store barneflokkar), vegger (inner-/ytter) laga av greiner og noko leiregjørme, og TETT (kanskje 1-2 m) mellom husa, antek eg begrensar par sine sengevanar – straum eller ikkje.


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: