Småtteri

Til no har eg skrive ganske fritt på bloggen, no må eg byrje tenkje meir over personvern. Det er jo feltarbeid eg driv med her. No er eg forsovidt etablert med eit «felt» av «informantar», det er dermed blitt personar å verne (i publikasjonar) i høve retningslinjer for samfunnsvitskapleg forsking.

Difor får eg blogge kryptisk..eller om generelle ting..eller om livet utanfor feltarbeidet, når eg er i byen..om smått og stort. Det er vel forsovidt det dei fleste bloggar handlar om, smått og stort.

Fyrst eit bilete frå Tumbatu, øya der eg gjer feltarbeid. Biletet kan trygt leggast ut, det er ingen personar på det. Berre ei ca 400 meter lang, kanskje 25 m breid strand, kvit sand. Ingen turistar, ingen hotell, ingen restaurant. Tumbatu er ei perle, og (endå) ikkje opna opp for turistar, eg føler meg so priviligert som får oppleve denne øya no. Kven veit korleis den er om 5-10 år?

Øya treng utvikling, bøndene, fiskarane treng kapital for å investere i eiga drift. Turisme står som ei openbar, lettvint løysing, pengekjelde. Dei eldre på øya vil ikkje ha turisme, men den yngre generasjonen står visstnok berre og trippar, ventar på at dei eldre skal takke for seg, so øya kan opnast for turisme.

Nungwi på Nordkysten av Zanzibar/Unguja var for 10-15 år sidan ein sjarmerande fiskelandsby. No er den, etter mange si meining, ein usjarmerande, overutbygd turistplass. Eg blir nesten trist av å sjå kor vakkert det er på Tumbatu, og håpar berre det ikkje går same vegen. Med strenge retningslinjer og ei form for selektiv turisme, kan det fungere, men la det berre ikkje bli eit helvete av italienarar med g-strengen langt oppunder armane.

039

Ellers var eg inne på Eli B sin blogg og Karin sin blogg nett no, begge nemnde kvinnedagen 8.mars. Beklagar, den har gått meg hus forbi.

Men eg skal likevel ta med mi vesle historie om feminisme, eg skulle prøve å forklare det til ein lokal. Det får stå som mitt bidrag til kvinnesaka. Zanzibar har liksom ikkje «gått gjennom» ein epoke av feminisme, i alle fall ikkje tilsvarande den me kjenner til frå Noreg. Å då skulle forklare «feminisme», blir litt av ein jobb. Mange som kjenner meg, vil gjerne seie at eg har vanskeleg for å fortelje noko kort, alle detaljar er viktige å få med. Og når eg skal forklare kvifor det er slik og slik i Noreg, arbeidsfordeling i heimen, menn skiftar bleier etc, so blir det liksom ei veldig lang historie. Kvar byrjar den? 

Eg byrja med å fortelje korleis det er no, også balla det på seg, tilbake tiår for tiår, tilbake til bh-bål. Det er kanskje meir forvirrande enn oppklarande, for nokon som aldri har høyrt om feminisme.

«Well you see, there was this kind of wave in Norway and Scandinavia in the sixties and seventies..the women were fighting for their rights to do different things..and then they took off their bras and put them in piles and put them on fire.., also they stopped shaving their armpits.».

5 kommentarar so far »

  1. 1

    rypa said,

    Reproductive rights and the right to work kunne kanskje vore like relevante og oppklarande lykjelord/-uttrykk i denne forteljinga?

    Det er veldig kjekt å lese bloggen din.

  2. 2

    Karin said,

    haha=) Det var no ein fantastisk og korrekt forklaring av kvinnekampen tykte eg;)

  3. 3

    kalvatreet said,

    Kjennar meg att i forteljinga di frå den perioden eg jobba i Egypt. Rart å skulle seia at kvinner i Noreg er «frie» til nokon som kanskje forstår noko anna med det å vere fri/kvinnerettar osv. Kva er det å ha kvinnerett for ei jente på Zanziibar då? Ville vere moro å høyra noko om det. Ha det so fint Eli. Eg er med deg i tankane.

  4. 4

    kalvatreet said,

    PS! Vert det noko klatring på deg i Zanzibar?

  5. 5

    eormberg said,

    å forklare kvinnerørsle, kvinnekamp.. Det er sant, det kan ikkje gjerast med same ord over alt i verda. For kva er ei kvinne? kva kjempar ho for? og kva er «fri»? nemlig.
    Kanskje eg skal prøve å skrive om dette snart, god idê.
    Til eg skriv meir, kan eg komme med ein intro her i kommentaren. Her på Zanzibar kan ein stort sett seie at kvinner gjer alt husarbeidet. Og dei fleste av dei vil ha det slik. Dei vil ikkje sjå mannen gjere husarbeid, kvinnearbeid. Mannen skal gjere mannsting, ellers er han «less of a man» i deira auge, ein svekling. So kva meining gir då det norske spørsmålet om arbeidsdeling i heimen?

    det vert skralt med klatring, ingenting faktisk. Men alt har si tid, no er det tida for Zanzibar, til sommaren Stegis.. Men det er sant, eg kjenner ei som er i Sør-Afrika no, tenker på å reise på buldreferie.

    ha det bra, de òg. kjekt å lese at de les bloggen:)


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: