Tumbatu

Er ei øy utanfor nordvest-kysten av Zanzibar. Øya har ein stolt historie, og folka har ord på seg for å vere like stolte. Visstnok vil dei ikkje ha kontakt med hovudøya, og inntil no har dei rundt 7000 innbyggarane stort sett gift seg med kvarandre. Dei fleste er i slekt, med andre ord.

Der finst so godt som ingen turisme, absolutt ingen hotell. Ingen elektrisitet. Alle som kjem i land på øya må fyrst gå til shehaen, leiaren for sitt shehia (distrikt), og få løyve til å vere der. Eg har fått høyre at nokre italienarar har blitt jaga frå øya, og ein nigeriansk rasta. Alle fordi dei ikkje respekterte kleskode i høve tradisjon og religion. Tumbatu er 100% muslimsk, djup tru.

So her vil eg altso vere. Eg har fått shehaen si «velsigning», so lenge eg går med lange skjørt og dekkar hovudet, seier han. Mykje ved denne øya er unikt, slik eg ser det. På Zanzibar/Unguja er kvinner stort sett involvert i planting og hausting, når det gjeld gardsarbeid. På Tumbatu gjer kvinnene absolutt alt arbeidet, rydding av nytt land, tungt arbeid. Og jorda der er ikkje jord, det er korallstein, med noko turr jord innimellom. Dei brukar med andre ord eit slags spett når dei er på åkrane, i staden for til dømes hakke eller liknande.

Det er utruleg kor hardt kvinnene på Tumbatu jobbar. Opp tidleg, avgarde ca kl 6, går fleire kilometer til jordlappen sin. Jobbar der til ca 12, då er sola blitt for sterk. So er det heim, gjere alt husarbeid som skal gjerast, med store ungeflokkar og utan straum. Klesvask for hand, mat frå grunnen, koke med ved/kol. Absolutt kvar dag.

Mennene er fiskarar. Av og til kan dei vere vekke i opp til 3 mnd om gangen, kvinnene heime. Og om dei ikkje er vekke 3 mnd er dei i alle fall vekke heile dagen, eller i dagesvis. Og også kvinnene – når avlingane veks til overnattar dei gjerne på åkrane, for å passe på so ikkje ville dyr kjem og et plantene.

Kanskje kan eg finne ut meir om dette tilsynelatande segregerte livet, kvinner og menn.

Her er i alle fall soloppgong over Unguja/Zanzibar, bilete teke frå Tumbatu.

116117

4 kommentarar so far »

  1. 1

    Papsen said,

    Her er eit satelittfoto av øya. Der er ein tettstad på austsida midt på øya, det er vel Tumbatu. På sørenden er det og ei hytteklynge det er vel Jongawe. Desse rutene som syner på bildet er kanskje jordlappane til kvinnebøndene ??

    Det er vel ikkje råd å markere «hytta» der du bur ????, eller lage ein beskrivelse/målangivelse ?

  2. 3

    Papsen said,

    Eg skriv på papsen si tavle, eg. Tenk at me to halvgamle bøndene på Ormberg skulle bli så lokalkjende på Zanzibar då! Sit med eit Wikipedia-kart på skjermen og zoomar oss heilt ned på hus/hyttetaki. Tenkjer som Garborg: I desse heimane bur folket. Og det var det eg kom til å tenkje på: Kva gjer dei når dei ikkje arbeider med jorda eller husarbeidet? Syng dei? Leikar dei? Dansar dei? Og dei har vel skule ein stad. Du må prøve å få høyre songane deira, og sjå om dei kan danse. Eller er det ikkje lov det?
    Me har laga saltakjøt m. grønsaker og raspeballar i dag på skulen. Me laga til ymse mat av eit heilt lam i haust, i salt og i frys, så me har hatt fleire gode måltid utover året . Skulebollar til dessert gjekk an. Skulle gjerne hatt litt mango og ferske krydder…..
    Kos deg med blekkspruten din, du!

    Helsing mammma.

  3. 4

    eormberg said,

    Gomani heiter det der eg har vore so langt. Det er austside, litt midt på ja. No har eg ikkje vore der på nokre dagar. Det hadde visst brote ut ein slåstkamp mellom dei to shehiaene, usemje om kvar grensa mellom distrikta eigentleg går. Kanskje like greit eg ikkje er der nett då. Men no skal det visst ordne seg. Det er uansett ikkje noko anna enn nokon gutungar som slost, antakeleg.

    I mars skal der vere ein slags seremoniell dans, maulidi. Den finst over heile Zanzibar, men er visstnok aldri so vakker som på Tumbatu. Eg trur eg skal klare å få med meg den.

    Når dei ikkje jobbar, gjer dei ingenting. Dei sit på golvet og ser ut i lufti. Eller sit utanfor huset og pratar. Det er lite song, kanskje litt når dei vaskar. Ikkje dans. Men kanskje eg får sjå meir, når eg byrjar å vere der meir.


Comment RSS · TrackBack URI

Kommenter innlegget