Archive for Uncategorized

Elektrisitet

Til førre bloggpost kommenterte Karin ein aktuell Dagblad-artikkel, link til den finn de i kommentaren. Stikkord: «elektrisitet», «sex», «Zanzibar». Også fine ord for avissal.

Artikkelen baserer seg på den norske antropologen Tanja Winther si nye bok, om Uroa på austkysten av Zanzibar, etter elektrisitet.

Innføring av elektrisitet – eigentleg ei konkret, teknisk hending. Men Tanja Winther skildrar korleis mange sider ved livet i ein tidlegare straumlaus landsby vert endra med elektrisitet. Mellom anna sexlivet har visst skranta. Med lys i huset, kanskje til og med TV, er det plutseleg grunn til å vere oppe. Folk legg seg seinare, somnar tvert.

 Noko litt anna. Mat og matlaging interesserer meg svært, og på denne øya der eg gjer feltarbeid er det mykje å lære og oppleve kring mat. Førre veke var me ute på markene og planta «muhogo», cassawa, og «muhindi», mais. So no klarer eg å sjå opp og ned på ein slik cassawa-pinne til planting (plantar du den opp-ned skjer det naturleg nok lite), og eg veit at enden skal 2 tommar nedi jorda (når skal eg få brukt denne kunnskapen igjen? Kan me plante cassawa i Jostedalen?).

Etter å ha lese Dagbladet-artikkelen kom eg til å tenkje på noko, angåande mat på straumlause Tumbatu. Der kokar dei alltid mykje mat til middags, meir enn berre til familien. Noko av restane vert kanskje spart til kveldsmat, men ellers vert den distribuert til folk som kjem innom, eller sendt i ei skål til ein nabo, familie, etc. Dei har jo ikkje kjøleskåp! So klart, derfor må maten etast opp same dag. «Restar frå måndag, frå tysdag, frå onsdag, og i dag er det torsdag», er ikkje omkvede der. Og gav du nokon ei skål ris og bønner ein dag, so får du kanskje attende poteter og fisk neste dag. Antropologien kallar det resiprositet: nokon gir – det vert mottatt – det vert gitt noko attende. Denne sirkuleringa av mat fører til/kjem av at folk går på besøk på kryss og tvers, heile tida. Ein slepp sitje sture heime aleine ein heil dag.

 Skal tru kva som skjer når elektrisitet og kjøleskåp kjem? Kanskje folk sluttar å gå like mykje på besøk? Eg tippar eigentleg ikkje det. Men kanskje det vert nye grunnar til å gå på besøk, som å sjå på tv hos nabo’n, hente noko i kjøleskapet til mora, etc..

Ellers – mitt «kollektiv» her eg bur når eg er i byen er skandinavisk for tida. Norsk jente, svensk jente, 2 danske jenter. Også eit par franske, og han som eig huset, herifrå. I går kveld laga eg sjokoladekake! Det er ikkje lett å oppdrive alle ingrediensar, eller kakeform for den del, eller steikeomn for den del, men no var alle ting på plass og kaka er allereie oppeti, vart ikkje noko bloggbilete av bragdi. Like greit, for steikeomnen heller, so kaka vart svært skeiv, men svært god.

Til sist – for tida er eg svært nøgd med å bu på ei øy der mesteparten er muslimar, og med at mitt feltarbeid er på ei endå mindre øy, og 100% islam. Kvifor? Fordi det er langt mellom svinefarmane (har høyrt rykter om ein liten svinefarm på austkysten, men dette er berre lause rykter.. Ja også desse villgrisene då, men heller ikkje dei har eg sett).

Leave a comment »

Olje og gass

Ein blogg kan vere litt av ei ego-greie. «Meg og mitt». La meg vere litt samfunnsengasjert i dette innlegget, og heller skrive om ei dagsaktuell sak frå avisene på Zanzibar/i Tanzania.

I 1964 vart Tanganyika og Zanzibar til unionen Tanzania. Spørsmål om «kva er ein union, ein stat» og om rettar og plikter til dei to partar, er blitt høgst aktuelle dei siste dagane. Grunnen er (planar om) leiting etter olje og gass nær Zanzibar.

Kva om dei finn noko, kven skal då ha rett på inntektene? Dette er stridstemaet.

Ein heil del representantar frå House of Repsentatives på Zanzibar meiner at olje- og gassinntekter frå eventuelle felt rundt Zanzibar må tilfalle Zanzibar, og berre Zanzibar. Andre røyster (særleg frå fastlandet) seier det motsette. Er det union, so er det union, då skal alt delast.

Det er interessant dette. Eg har tenkt mykje på dette med industri her på Zanzibar. Det er so godt som ingen fabrikkar her, det er ikkje eit industrisamfunn i den forstand. Mange grunnar, eg torer ikkje seie alt eg meiner om det. Den einaste industrien ein finn her er turistindustri. Dei siste åra har so godt som ALL investering i næringsverksemd vore innan turistindustrien. Men turistindustrien er også risky business, plutseleg snur det. Den «globale finanskrisa» er blitt svært merkbar her, det er kronisk lågsesong for tida.

Kva då med eit oljeeventyr? Tumbatu, det nye Stavanger?

Forresten, feltarbeidet går fint. Etter 2 veker på halv maskin (sjuk/påske) er det no super-duper-fart igjen. Dei siste to dagane har vore perler når det gjeld gode feltdata. Mykje ny forståing, antropologen forstår at alt heng saman.

Til dømes: eg har stussa over kvifor ingen syng til småbarna sine. Ingen trøystande song når dei skrik eller når dei skal sove. Og når eg held babyar, og trallar i veg slik me gjer heime, ja då ler kvinnene høgt; «ho syng!!». Som om himmelen har falle ned i hovudet på dei. Forklaringa er muligens so enkel som dette: Islam likar ikkje musikk. (Ja, eg veit at Islam ikkje er ein person, men for å forenkle).

Comments (2) »

So long, Marianne

Når eg får nok av «bongoflava», reggae, taarab, bønnerop, eller rett og slett berre ynskje høyre på ein av dei finaste songane som er, er det «So long, Marianne», med Leonard Cohen eg set på. Den reddar ein dårleg dag, eller tek ein super dag til nye høgder. Og no med nye høgtalarar til laptopen – lukka er komplett.

Apropos namn, her er eit godt utval namn frå Tumbatu anno 1964 (vallister). Kanskje nokon kan fenge (Nes??)?:

 Kvinner:

Uri og Sauda! Vidare: Bidani, Habiba, Hanabi, Haruna, Kazija, Nahija, Nazuma, Rizik, Safia, Shindano, Shukuru, Usuri, Tadudi, Wanje, Wanu, Yenu, Zuhura.

 Menn:

Athman, Dadi, Faki, Fum, Gora, Hamdu, Idrisa, Jaffar, Kidire, Kinanga, Kirosa, Musa, Nahoda, Shakwa, Shamata, Simai, Simba, Sungura, Taha, Usi, Zedan, Zubeir.

 

Leave a comment »

Maulidi

Eller «mauridi», som det heiter på Tumbatu. Over heile Zanzibar har det vore maulidifeiring den siste tida, feiringar til minne om fødselen av profeten Muhammed. Tumbatu er kjend for å ha den største, mest intense feiringa. So no har eg altso vore på Tumbatu i ei og ei halv veke, mauridi nesten kvar einaste dag. Sang, dans, mykje rart, stor dose islam desse dagar. Tumbatu har to landsbyar, Gomani og Jongowe, eg fekk med meg feiringa begge stader, helst på dagtid, men dei to siste nettene byrja feiringa kl 24 og heldt på til 06 (for dei som orka vake so lenge, ikkje meg).

Vel attende i byen brukte eg omtrent ein føremiddag berre på å bli rein att etter opphaldet, og på å byrje på klesvasken (tek tid når alt vaskast for hand). Vatn var eit problem desse dagane, siste dagar før me venta regntida, «masika». Tankane som samla regnvatn gjekk tome (på Tumbatu drikk me regnvatn), mora i huset måtte gå langt for å hente vatn, bære store bøtter på hovudet. So dusjing vart det knapt med, der er jo heller ingen dusj, berre noko bøttesystem. Forresten, når eg er inne på det, eg skal også forklare doen. Doen er tilforveksling lik den kyrne brukar borti fjøsen. Eit firkanta lite hol i eit sementgolv, med ei treluke med ein spikar til handtak i over.

Det er lite glamour i ein antropolog sin kvardag:

-i eit tidlegare blogginnlegg snakka eg om maur, at Zanzibar ikkje er plassen å reise til om ein er redd maur. No må eg utvide dette til å gjelde mange ulike typar maur, alle med sine utfordringar. Det må også gjelde kakerlakkar på doen, rotter i taket og over golvet (men heldigvis ikkje inne på rommet mitt), og ein skorpion på kjøkenet.

-angåande dusjing og kroppslukt. Når eg er på Tumbatu luktar eg mjølk/mjelk/melk. Eg veit ikkje korleis det går til, men eg tykkjer det luktar mjølk av meg. Sur-søt mjølk, som den eg hugsar me hadde i ein blå kagge i mjølkehuset, til kalvane. Eg luktar absolutt ikkje vondt, heller godt. Det passar også bra for ein «mjølkebonde» å lukte mjølk.

Ein annan artig ting som skjer på Tumbatu er at eg plutseleg kjem på norske songar, ut av det blå:

«Dagen gryr, et eventyr, hver gang himmelen i øst tar fyr» (Sissel Kyrkjebø)

«En himmel full av stjerner, blått hav så langt du ser. En jord der blomster gror, kan du ønske mer? Sammen skal vi leve, hver søster og hver bror. Små barn av regnbuen, på en frodig jord.» (Lillebjørn Nilsen).

Det seier gjerne noko om korleis det er på Tumbatu.

Leave a comment »

Småtteri

Til no har eg skrive ganske fritt på bloggen, no må eg byrje tenkje meir over personvern. Det er jo feltarbeid eg driv med her. No er eg forsovidt etablert med eit «felt» av «informantar», det er dermed blitt personar å verne (i publikasjonar) i høve retningslinjer for samfunnsvitskapleg forsking.

Difor får eg blogge kryptisk..eller om generelle ting..eller om livet utanfor feltarbeidet, når eg er i byen..om smått og stort. Det er vel forsovidt det dei fleste bloggar handlar om, smått og stort.

Fyrst eit bilete frå Tumbatu, øya der eg gjer feltarbeid. Biletet kan trygt leggast ut, det er ingen personar på det. Berre ei ca 400 meter lang, kanskje 25 m breid strand, kvit sand. Ingen turistar, ingen hotell, ingen restaurant. Tumbatu er ei perle, og (endå) ikkje opna opp for turistar, eg føler meg so priviligert som får oppleve denne øya no. Kven veit korleis den er om 5-10 år?

Øya treng utvikling, bøndene, fiskarane treng kapital for å investere i eiga drift. Turisme står som ei openbar, lettvint løysing, pengekjelde. Dei eldre på øya vil ikkje ha turisme, men den yngre generasjonen står visstnok berre og trippar, ventar på at dei eldre skal takke for seg, so øya kan opnast for turisme.

Nungwi på Nordkysten av Zanzibar/Unguja var for 10-15 år sidan ein sjarmerande fiskelandsby. No er den, etter mange si meining, ein usjarmerande, overutbygd turistplass. Eg blir nesten trist av å sjå kor vakkert det er på Tumbatu, og håpar berre det ikkje går same vegen. Med strenge retningslinjer og ei form for selektiv turisme, kan det fungere, men la det berre ikkje bli eit helvete av italienarar med g-strengen langt oppunder armane.

039

Ellers var eg inne på Eli B sin blogg og Karin sin blogg nett no, begge nemnde kvinnedagen 8.mars. Beklagar, den har gått meg hus forbi.

Men eg skal likevel ta med mi vesle historie om feminisme, eg skulle prøve å forklare det til ein lokal. Det får stå som mitt bidrag til kvinnesaka. Zanzibar har liksom ikkje «gått gjennom» ein epoke av feminisme, i alle fall ikkje tilsvarande den me kjenner til frå Noreg. Å då skulle forklare «feminisme», blir litt av ein jobb. Mange som kjenner meg, vil gjerne seie at eg har vanskeleg for å fortelje noko kort, alle detaljar er viktige å få med. Og når eg skal forklare kvifor det er slik og slik i Noreg, arbeidsfordeling i heimen, menn skiftar bleier etc, so blir det liksom ei veldig lang historie. Kvar byrjar den? 

Eg byrja med å fortelje korleis det er no, også balla det på seg, tilbake tiår for tiår, tilbake til bh-bål. Det er kanskje meir forvirrande enn oppklarande, for nokon som aldri har høyrt om feminisme.

«Well you see, there was this kind of wave in Norway and Scandinavia in the sixties and seventies..the women were fighting for their rights to do different things..and then they took off their bras and put them in piles and put them on fire.., also they stopped shaving their armpits.».

Comments (5) »

Ein god latter

 

Det er mykje løge å lese i W.H. Ingrams si «Zanzibar. Its History and its People», fyrst utgitt i 1931.

 

Eg hugsar frå då eg jobba i barnehage i Kolsås, me song den der Hottentott-songen til Thorbjørn Egner, den som er blitt ukorrekt. Ingrams skriv her om steinalderen:

«Passing over the «Horn of Africa», where they met and mixed with negroes, the Hamites found their way down South and mixed with the Bushmen and the Hottentots.»

 

Zanzibar er kjent for å vere ein mix av ulike folkegrupper. Tumbatu er tydelegvis eit unnatak:

«The only absolutely certain place is Tumbatu Island, where I think one can guarantee that, except for two policemen, there is no one who is not an Mtumbatu.»

 

Kanskje ikkje utan grunn at landlover og andre lover på Zanzibar er forvirrande, både for lokalbefolkinga og meg:

«Formerly, when there were consular courts, there was great confusion, and even now that the German, French, Austrian, American, Belgian, Italian and Portuguese systems have been eliminated, there is stil a mixture of English, Indian, various kinds of Mohammedan and Hindu law administered, as well as the native customs referred to.»

 

Her kan eg legge til at nyleg var eg i eit departement for Urban Planning and Surveying, var det vel. Det var uvanleg mange folk i bygningen, masse ståk. Eg heldt meg inne på eit kontor der der dreiv og laga kart, og spurde kva som stod på, kvifor so mykje bråk? Jo, det var visst ei sak om eigedomsrett att, og to hadde byrja slåst med kniv nedi «lobbyen» i fyrste etasje. Skal ikkje kimse av eigedomsrett, altso.

 

Men meir Ingrams. Om vaner i samband med bryllaup, her bryllaupsnatta: «If the girl is a virgin, there is an old woman kept under the bed, and when the husband has had intercourse she will emerge and take the bride and wash her, returning her afterwards to her husband, who remains with her all night.»

 

Om lokal klesdrakt: «Many natives now own a pair of trousers and a shirt (which is often not tucked in), but the limit of absurdity is reached when they take to soft felt hats. A native somehow looks very ridiculous in European dress.»

 

Om gjestfridom (?), eller mangel på, på Tumbatu (stemmer ikkje): «Both the Pemba and the Hadimu natives are hospitable, but the exclusive Tumbatu goes to almost any lenghts to drive the invader from his island.»

Til slutt atter ein solnedgong, frå Africa House. Faktisk etter solnedgongen, når alle turistane har snudd ryggen til:

030

Comments (2) »

Måndagar kjem

Stadig kjem det ein ny måndag, det tyder på at tida fortsatt kjem eller går.

Eit generelt tips angåande maur: dei likar best svarte klede. Det er MYKJE maur her. Med maur-fobi har ein ingenting her å gjere. Det finst store maur og små maur, eg føretrekker dei store framfor dei små; dei små snik seg alltid inn i posar og pakker med mat. Men altso, dei små maurane likar å krype rundt på svarte klede. For kanskje ein månad sidan, då eg skulle ta på meg mitt lange, svarte, tekkelige skjørt, var det fullt av maur. Hardbarka som eg er blitt, skyssa eg maurane vekk frå skjørtet, tok det på meg, og gjekk ut.

Det er viktig å HUGSE ting og tang, det er viktig å ha med seg hovudet dagleg. Det er viktig å kunne overføre kunnskap frå ein situasjon til ein annan. Det er viktig å tenke seg om, sjå etter, før ein tek på seg ei svart truse frå klesskåpet. Eg lovar – det tok ikkje lang tid før eg hugste at maur likar seg på svarte klede.

Over til noko anna. Det var dette med eigedomsrett på Zanzibar, allereie har eg nemnt at dette kan vere komplisert. Det er ei slags skandale som føregår nett no, eg fekk høyre om det i går. I eit område i utkanten av byen har der tydelegvis vore ledig land ein gong i tida, og folk har kjøpt sine små stykker, bygd hus, levd der. Men no nyleg kom eigaren attende frå lengre tids opphald i Oman, eller kvar det var, overraska over å sjå at jorda hans er fylt av hus. Han hadde ikkje selt ein einaste kvadratmeter. Han søkte styresmaktene på Zanzibar om løyve til å kaste ut folka og rive husa, fekk løyvet, og for få dagar sidan vart området jamna med jorda.

Det er snakk om rundt 70 hus, det råkar antakeleg ganske mange menneske. Ei gravid kvinne+tvillingane i magen skal visstnok ha døydd av stress/sjokk over å ha mista huset. Ein mann skal visstnok ha hoppa i ein brønn, fortvila over å ha mista leilegheita han hadde brukt so mykje tid på å gjere fin.

Fyrst trudde eg folka berre hadde okkupert landet, det skjer stadig her. I so tilfelle må dei liksom vere budde på å bli kasta ut når som helst. Men nei, dei har visst kjøpt det, men truleg av ein eller annan luring som har utgitt seg for å vere eigar. Altso: seljar er ikkje lik eigar.

Eg har høyrt historia på folkemunne berre, so kan ikkje garantere for alt eg har skrive, vil prøve å finne avisartiklar om det i dag.

Comments (1) »

Katten

Nabokatten har funne seg ein fin «legert» å tilbringe dagane i. Han ligg der støtt og stadig, men flyttar seg truleg rundt 20.mars – når regntida byrjar.

016

Comments (2) »

Tumbatu

Er ei øy utanfor nordvest-kysten av Zanzibar. Øya har ein stolt historie, og folka har ord på seg for å vere like stolte. Visstnok vil dei ikkje ha kontakt med hovudøya, og inntil no har dei rundt 7000 innbyggarane stort sett gift seg med kvarandre. Dei fleste er i slekt, med andre ord.

Der finst so godt som ingen turisme, absolutt ingen hotell. Ingen elektrisitet. Alle som kjem i land på øya må fyrst gå til shehaen, leiaren for sitt shehia (distrikt), og få løyve til å vere der. Eg har fått høyre at nokre italienarar har blitt jaga frå øya, og ein nigeriansk rasta. Alle fordi dei ikkje respekterte kleskode i høve tradisjon og religion. Tumbatu er 100% muslimsk, djup tru.

So her vil eg altso vere. Eg har fått shehaen si «velsigning», so lenge eg går med lange skjørt og dekkar hovudet, seier han. Mykje ved denne øya er unikt, slik eg ser det. På Zanzibar/Unguja er kvinner stort sett involvert i planting og hausting, når det gjeld gardsarbeid. På Tumbatu gjer kvinnene absolutt alt arbeidet, rydding av nytt land, tungt arbeid. Og jorda der er ikkje jord, det er korallstein, med noko turr jord innimellom. Dei brukar med andre ord eit slags spett når dei er på åkrane, i staden for til dømes hakke eller liknande.

Det er utruleg kor hardt kvinnene på Tumbatu jobbar. Opp tidleg, avgarde ca kl 6, går fleire kilometer til jordlappen sin. Jobbar der til ca 12, då er sola blitt for sterk. So er det heim, gjere alt husarbeid som skal gjerast, med store ungeflokkar og utan straum. Klesvask for hand, mat frå grunnen, koke med ved/kol. Absolutt kvar dag.

Mennene er fiskarar. Av og til kan dei vere vekke i opp til 3 mnd om gangen, kvinnene heime. Og om dei ikkje er vekke 3 mnd er dei i alle fall vekke heile dagen, eller i dagesvis. Og også kvinnene – når avlingane veks til overnattar dei gjerne på åkrane, for å passe på so ikkje ville dyr kjem og et plantene.

Kanskje kan eg finne ut meir om dette tilsynelatande segregerte livet, kvinner og menn.

Her er i alle fall soloppgong over Unguja/Zanzibar, bilete teke frå Tumbatu.

116117

Comments (4) »

Spice girl

Det var so mykje eg skulle skrive, også gjekk dagane, og det vart meir.

La meg denne gongen fortelje om mat. Andreas Viestad, matmannen frå Dagbladet, var på Zanzibar for eit års tid sidan. Eg hugsar eg las reportasjen hans på nett i etterkant og allereie då likte eg den ikkje. No ler eg av den, tullereportasje.

Han skulle liksom fange mystikken på krydderøya Zanzibar, eller kva det var. Og korleis? Jo, han hadde meldt seg på eit minikurs i «Zanzibar cousine» på Emerson Hotel Rooftop, om eg ikkje hugsar feil. Dyraste hotellet i byen. Den maten dei lagar der har lite å gjere med kvardagskost på Zanzibar. Han kunne reist til Tumbatu. Eller kvar som helst, berre ikkje Emerson.

I det siste har eg vore to gonger til Tumbatu, ei øy utanfor Zanzibar. Kanskje gjer eg heile mitt feltarbeid der, feltarbeidet tek nye veger kvar dag. Der har eg budd privat, for der finst ingen hotell, ingen turisme. Ingen elektrisitet heller, forresten. Og maten eg har fått der er..hinsides. Alt som vert dyrka på øya (lite, den er tørr) er naturleg økologisk. Kompost og møk til gjødsel. Det gjeld forsovidt resten av Zanzibar òg, stort sett. 

Det dei ikkje dyrkar sjølve (mykje grønsaker, frukt, ris) får dei tak i frå hovudøya. Fisken vert fiska utanfor øya, i alle fall på denne tid av året. Kryddera er nyplukka eller nytørka og nymalte. Om me et fisk i kokossaus, ja so er kokosnøtta plukka i nærleiken, og malt same dagen. Posesaus, posesuppe, hermetikk – ikkje i bruk.

Og også eg kokkelerer ein heil del. Her om dagen laga eg middag av pweza, blekksprut. Med potetstappe! Nam. Fyrst måtte blekkspruten (+ squid, kva er no det på norsk) koke ei stund, so kutte opp, ha oppi ein tomat/grønsakssaus. Det vart altso verkeleg godt. Og er visstnok veldig «energisk» mat.

015

Og denne veka har eg vore ein del i Kizimbani, der er ein forskingstasjon for landbruk. Litt «Universitetet i Ås-kjensle», berre på Zanzibar. Der har eg plukka kardemomme, nellik, muskatnøtt, fått med meg kanelbark, ingefær, gurkemeie (ser ut som ingefær, berre knallgul-orange), sitrongras, etc. Noko har eg brukt i te, noko har eg brukt i mat, noko har eg lagt til tørk i sola. Muskatnøtta skal eg bruke snart. Eg har også plukka  og ete stjernefrukt (?? slik gul som ein skjer i skiver og pyntar kaker med..i Noreg), lychee (slik hårete). Søtt og godt. Og forresten, gi meg ein god grunn til ikkje å fråtse i mango kvar einaste dag. Når det no er høgsesong og eg får lett kjøpt for 2-3 kr pr stk.

Til tørk her, kanelbark (den bles vekk etter at biletet vart teke, diverre), muskatnøtt, nellik, pepar, rot av kaneltre:

014

Snart skal eg skrive om Tumbatu.

Comments (8) »