Bittersøte Zanzibar

Om 3 dagar flyg eg nord att. Men Zanzibar held seg vel ei stund til, det går an å reise attende.

Det går an å reise attende til stad, men ikkje til tid. Det er dette som er antropologi, eigentleg, å skrive eit bilete av noko som er her og no. Som eit foto, eit knips av ei tid – i det eine augeblikket samtid, i det andre – eit minne.

Men eg hadde ikkje venta at det skulle gå so fort! Oppgåva mi vert utdatert før den ein gong er skriven. I går kom eg attende til byen etter å ha vore på den straumlause, isolerte feltøya mi for siste gong (for denne gong). På øya vart eg til gagns minna på at tida ikkje står stille. Grunna denne foten min har eg ikkje vore der på ei stund.  Og på denne vesle stunda er alt endra! Det er kome straumstolpar på øya (norsk prosjekt). I alle hus av nyare dato jobbar elektrikarar for fullt med å installere elektrisk anlegg. Dei reknar med å få elektrisitet om 6 månader.

Og der er komne turistar! Berre nokre små grupper iblant, men likevel, dette endrar alt! Meir enn ein skulle tru. Eg kunne skrive veldig mykje om dette, men la meg berre seie. Eg trur ikkje eg likar det, turisme på denne øya. Men kanskje det må til.

Truleg som ein konsekvens av turistane sitt inntog, såg eg òg for fyrste gong ei dame som tigga. Ei gamal dame med berre ei tann i kjeften, med handa tiggande ute, det har eg aldri sett der før, sjølv kor fattige dei er.

Og ein ting til, eg vil berre fortelje. Eg var nett og vitja ei dame frå denne øya, ho er på sjukehus. Ho har vore gravid heile tida medan eg har vore der, no hadde ho fødd, kanskje ei veke sidan. Ho skulle eigentleg reist til byen for å føde på det offentlege sjukehuset, men av ein eller annan grunn fødde ho heime. Diverre gjekk det ikkje bra. Klokka 4 på natta tilkalla dei lege, fødselen var i gang, hovudet var ute, men resten av ungen kom ikkje ut. Legen fekk ikkje til noko meir, ho måtte til sjukehuset på Zanzibar, hovudøya. Reiseruta gir meg tårer i augene. Fyrst vart ho båren på ein stol (!), truleg utan sete, i mørket, ned ein sti som er meir skarp stein enn veg. Heilt frå huset deira, oppe i høgda, ned til stranda. Derifrå med motorbåt over til Mkokotoni på Zanzibar, tek kanskje 10 – 20 minutt. Frå Mkokotoni med ein eller annan bil til eit sjukehus eit stykke lenger vekke. Heile vegen med ungen halvt ute. Den overlevde ikkje, kanskje døydde den allereie før dei kom til båten, eg veit ikkje. No var eg og vitja henne, ho var på dette offentlege sjukehuset, fødeavdelingen var rusten og gamal og grueleg ukoseleg, det var ikkje noko fint å sjå.

Dei fleste kvinner på Zanzibar går med kanga, eit tøystykke dei brukar som «overskjørt», liknande sarong. Alle har ei påskrift, vise ord. Hennar kanga sa «Sitaki maneno» = eg vil ikkje ha (høyre) ord.

Bilete frå tidleg morgon i går, tok båt frå øya, kom i land i Mkokotoni på Zanzibar.

115

114

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: