Ein god latter

 

Det er mykje løge å lese i W.H. Ingrams si «Zanzibar. Its History and its People», fyrst utgitt i 1931.

 

Eg hugsar frå då eg jobba i barnehage i Kolsås, me song den der Hottentott-songen til Thorbjørn Egner, den som er blitt ukorrekt. Ingrams skriv her om steinalderen:

«Passing over the «Horn of Africa», where they met and mixed with negroes, the Hamites found their way down South and mixed with the Bushmen and the Hottentots.»

 

Zanzibar er kjent for å vere ein mix av ulike folkegrupper. Tumbatu er tydelegvis eit unnatak:

«The only absolutely certain place is Tumbatu Island, where I think one can guarantee that, except for two policemen, there is no one who is not an Mtumbatu.»

 

Kanskje ikkje utan grunn at landlover og andre lover på Zanzibar er forvirrande, både for lokalbefolkinga og meg:

«Formerly, when there were consular courts, there was great confusion, and even now that the German, French, Austrian, American, Belgian, Italian and Portuguese systems have been eliminated, there is stil a mixture of English, Indian, various kinds of Mohammedan and Hindu law administered, as well as the native customs referred to.»

 

Her kan eg legge til at nyleg var eg i eit departement for Urban Planning and Surveying, var det vel. Det var uvanleg mange folk i bygningen, masse ståk. Eg heldt meg inne på eit kontor der der dreiv og laga kart, og spurde kva som stod på, kvifor so mykje bråk? Jo, det var visst ei sak om eigedomsrett att, og to hadde byrja slåst med kniv nedi «lobbyen» i fyrste etasje. Skal ikkje kimse av eigedomsrett, altso.

 

Men meir Ingrams. Om vaner i samband med bryllaup, her bryllaupsnatta: «If the girl is a virgin, there is an old woman kept under the bed, and when the husband has had intercourse she will emerge and take the bride and wash her, returning her afterwards to her husband, who remains with her all night.»

 

Om lokal klesdrakt: «Many natives now own a pair of trousers and a shirt (which is often not tucked in), but the limit of absurdity is reached when they take to soft felt hats. A native somehow looks very ridiculous in European dress.»

 

Om gjestfridom (?), eller mangel på, på Tumbatu (stemmer ikkje): «Both the Pemba and the Hadimu natives are hospitable, but the exclusive Tumbatu goes to almost any lenghts to drive the invader from his island.»

Til slutt atter ein solnedgong, frå Africa House. Faktisk etter solnedgongen, når alle turistane har snudd ryggen til:

030

2 kommentarar so far »

  1. 1

    kalvatreet said,

    Hei Eli,

    Morosamt å lesa bloggen din! Ei annleis krydra verd enn her. Og fine, fine billete…
    Ha nok ein fin mondag når helgi er til endes!

    Beste helsing frå Gry i Kalvatreet

  2. 2

    eormberg said,

    hei gry,
    kjekt å høyre at du les bloggen. Annleis her ja, det er ingen tvil. Til tider so veldig annleis at eg må klype meg i armen eller blunke med augene.

    Og ellers gler eg meg til neste gong eg får bakse i snø.

    kos deg, me sjåast


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: