Spice girl

Det var so mykje eg skulle skrive, også gjekk dagane, og det vart meir.

La meg denne gongen fortelje om mat. Andreas Viestad, matmannen frå Dagbladet, var på Zanzibar for eit års tid sidan. Eg hugsar eg las reportasjen hans på nett i etterkant og allereie då likte eg den ikkje. No ler eg av den, tullereportasje.

Han skulle liksom fange mystikken på krydderøya Zanzibar, eller kva det var. Og korleis? Jo, han hadde meldt seg på eit minikurs i «Zanzibar cousine» på Emerson Hotel Rooftop, om eg ikkje hugsar feil. Dyraste hotellet i byen. Den maten dei lagar der har lite å gjere med kvardagskost på Zanzibar. Han kunne reist til Tumbatu. Eller kvar som helst, berre ikkje Emerson.

I det siste har eg vore to gonger til Tumbatu, ei øy utanfor Zanzibar. Kanskje gjer eg heile mitt feltarbeid der, feltarbeidet tek nye veger kvar dag. Der har eg budd privat, for der finst ingen hotell, ingen turisme. Ingen elektrisitet heller, forresten. Og maten eg har fått der er..hinsides. Alt som vert dyrka på øya (lite, den er tørr) er naturleg økologisk. Kompost og møk til gjødsel. Det gjeld forsovidt resten av Zanzibar òg, stort sett. 

Det dei ikkje dyrkar sjølve (mykje grønsaker, frukt, ris) får dei tak i frå hovudøya. Fisken vert fiska utanfor øya, i alle fall på denne tid av året. Kryddera er nyplukka eller nytørka og nymalte. Om me et fisk i kokossaus, ja so er kokosnøtta plukka i nærleiken, og malt same dagen. Posesaus, posesuppe, hermetikk – ikkje i bruk.

Og også eg kokkelerer ein heil del. Her om dagen laga eg middag av pweza, blekksprut. Med potetstappe! Nam. Fyrst måtte blekkspruten (+ squid, kva er no det på norsk) koke ei stund, so kutte opp, ha oppi ein tomat/grønsakssaus. Det vart altso verkeleg godt. Og er visstnok veldig «energisk» mat.

015

Og denne veka har eg vore ein del i Kizimbani, der er ein forskingstasjon for landbruk. Litt «Universitetet i Ås-kjensle», berre på Zanzibar. Der har eg plukka kardemomme, nellik, muskatnøtt, fått med meg kanelbark, ingefær, gurkemeie (ser ut som ingefær, berre knallgul-orange), sitrongras, etc. Noko har eg brukt i te, noko har eg brukt i mat, noko har eg lagt til tørk i sola. Muskatnøtta skal eg bruke snart. Eg har også plukka  og ete stjernefrukt (?? slik gul som ein skjer i skiver og pyntar kaker med..i Noreg), lychee (slik hårete). Søtt og godt. Og forresten, gi meg ein god grunn til ikkje å fråtse i mango kvar einaste dag. Når det no er høgsesong og eg får lett kjøpt for 2-3 kr pr stk.

Til tørk her, kanelbark (den bles vekk etter at biletet vart teke, diverre), muskatnøtt, nellik, pepar, rot av kaneltre:

014

Snart skal eg skrive om Tumbatu.

8 kommentarar so far »

  1. 1

    Papsen said,

    Eg skjønar det er enklare her med brødskive med brunost, eller fisk og pate.
    Høyrde eit artig program i dag på P2. Det var ein Øyvind Dahl som hadde skrive ei bok: «Merkverdige Madagaskar», og han fortalde då mykje om både folk og land, – og om skikkar og uskikkar. Gå ikkje bort å kall ein derifrå for Afrikanar, – då får du deg ein på tygga. Dei er Asiatar. Men det som var poenget var at mykje av det han fortalde var det same som du hadde referert frå Zanzibar, noko som kanskje ikkje er så rart, det er ikkje så langt undan heller.
    Eg må få tak i den boka, kanskje dei har den på biblioteket ??

  2. 2

    trude said,

    Eli,

    Artig å lese bloggen din! Fekk lyst på mango no, og stjernefrukt og…NAM!

    Her er det ikkje mykje som minner om sommar og fersk frukt, og verre skal det bli. Reiser nordover på mandag, der er det for øyeblikket 25 kalde. Brr. Men gledar meg, er klar for litt arktisk magi no!

    Du fekk mailen? Svar meg, så snakkast me:-)

    Hei så lenge!

  3. 3

    Sandra said,

    Eli, du skriver så fint! Jeg vasser rundt i snø til knærne og opplever feltarbeid-blues hver eneste søndag. Godt å se at du (tilsynelatende) fortsatt har det fint. Tenker på deg, og linker til bloggen din på siden min. :o)

  4. 4

    eormberg said,

    pappa: han øyvind dahl hadde me på pensum sist eg var her. For å vere ærleg er eg ikkje svært begeistra. Men det kan godt hende den boka er betre, eg tykkjer berre ikkje han er noko til å skrive fagbøker.
    Nordkysten av Madagaskar vert òg omtala som del av swahiliregionen, som Zanzibar jo er ein del av. So opphavet er gjerne noko meir samansett enn «afrikanar punktum». Resten av Madagaskar kjenner eg ikkje godt nok til. Har du lese noko Fredrik Barth i det siste då?

    Trude: ja eg ville maile deg no, føler på meg at det er like før du skal reise. IIIIiiii!!! eg er spent på å høyre! skal maile deg ein lengre mail.

    Sandra: fint med link:) gå deg ikkje vill i søndagsblues.

  5. 5

    storesøster said,

    Eg les bloggen din trufast og kosar meg med alt artigt som skjer. Tenkjer kvar gang at eg skal svare, men har aldri noko fornuftigt å komme med. Men no sit eg her på lærarrommet med ei ti-cm tjukk ordliste framom meg. Squid er ein tiarma blekksprut, i motsetning til octopus som nødvendigvis er åttearma.

    Kan heldest melde om vinter, fersk mjølsnå og skisesong frå Voss. Eg har funne opptil fleire fine skiplassar her no. Har vore på langrenn, tur/telemarkski og skal snart på Lønahorgi på telemarkski. Håpar du er litt missunneleg… 😉

  6. 6

    eormberg said,

    Takk for research. I går laga me middag med squid att, nydeleg! fint å få syne folk her at dei ikkje er dei einaste som kan koke saman ein god middag, også skandinavar klarer å lage mat.

    Og mjølsnø og skisesong er eg heilt klart misunneleg på. Natur/terreng som på Voss (eller Jostedalen), kombinert med tradisjon, kunnskap, og ressursar til å bruke den, gir unike mulegheiter til fritidsaktivitetar. Det vert eg veldig merksam på her. Ordet «friluftsliv» trur eg ikkje gir meining på Zanzibar (Trude, hugsar du våre diskusjonar om friluftsliv?:)).

    Pass opp for skred!

  7. 7

    anne lise said,

    Eli!

    Det er så flott å lese bloggen din, du er så flink til å skrive! Ikke bare har du en nydelig måte å formulere deg på, men du beskriver så treffende stemningen, følelser og situasjoner som jeg kjenner igjen.
    Det var spesielt kult å lese om mat lagingen. Jeg må helt ærlig innrømme at selv om jeg er kjempeglad i mat var jeg usedvanelig dårlig på det da vi bodde der, langt over grensen til flaut. Men jeg er så enig i at en lokale (lokale-lokale ja, ikke viestad-lokale -jeg har nemlig zanzibarboka hans og smakene blir ikke helt riktig) er utrolig god, har fått samlet en del oppskrifter som jeg har prøvd meg på hjemme. Nydelig! Men det beste jeg har smakt tror jeg var slags kanel-curry-tunfisk på en strand på en øy jeg tror ikke hadde navn engang.
    Gleder meg til å lese mer om hvordan du har det og hva du opplever! Når kommer du tilbake? Vi skal ha zanzibar reunion/fest i påsken, men regner med at du er der fortsatt da? Jeg kommer i hvertfall ned igjen i juli eller august!

    Ta vare på deg selv
    Klem

  8. 8

    eormberg said,

    tusen takk anne lise, for fine ord:) og so kjekt å høyre at du får zanzibarstemning av å lese bloggen. Det er jo ein heilt eigen stemning her.

    I går var me på Livingstone, dansa oss sveitte, det var so gøy! Bandet spelar dei same låtane kvar fredag, og den der Vulindela-songen opp til fleire gonger pr kveld..men pytt. Gøy!

    Må ha eit par dagar «fri» innimellom, kan ikkje vere på Tumbatu heile tida. Ikkje minst av praktiske årsaker, må tilbake og vaske klede. Det er litt lite vatn der, har ikkje lyst til å sløse med vatnet deira. Når eg er der drikk eg regnvatn! Hakje blitt sjuk endå.

    Reunion ja, den må eg heller få høyre sladder frå etterpå. Eg flyg tilbake til Nöreg 10.juli. Du får seie frå om du kjem før det. Huff kor tida går – eller flyg, den òg. No er det snart april, også mai, juni, og eg skal berre vere her 10 dagar av juli.

    Håpar du har det veldig fint!
    klem frå Eli Johanne


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: