Uroa

Ikkje stemninga, humøret, tilstanden, men staden Uroa. På austkysten av Unguja (sørøya) ligg Uroa. So langt er Uroa den kanskje Rolegaste plassen eg har vore på Zanzibar. Eller nabolandsbyen Chwaka, der likte eg meg utruleg godt. God stemning, lune folk. Det er visst fordi folka der kjem frå litt over alt på Zanzibar, ulike impulsar og vaner.

Førre helg tok me ei utflukt til Uroa altso. Der drakk eg den til no verste alkoholen eg har drukke; lokalt laga papayabrennevin. Smaken var grusom, men hovudet vart lett – som ein stad mellom raudvin og tequila. Eg må nemne at baren hadde 3 trebenker mellom to palmebladhytter, og etter litt forhandling, ei oljelampe i taket. Musikken var ein radio langt i det fjerne og eit sagbruk like ved. Himmelen som vanleg fylt av stjerner.

Neste dag gjorde me ei episk reise (heiter det det?). Nokon hadde høyrt gjete ei grotte eller hole inni skogen, der det skulle finnast ville griser. På ei øy med over 90% muslimar, og ein Islam dessutan i samspel med ein del lokal åndetru, er griser ikkje berre spesielt, men også farleg og djevelsk. Folk går helst ikkje dit, og om dei går dit er det fordi dei har mørke ærend.

So då gjekk me altso, eit følje på 6 folk og ein flokk hundar. Langt inni skogen, 1-2 timar kvar veg. Me skulle hatt med oss ein vaksen landsbymann, sidan grotta er spesiell på denne måten, men det fekk halde med ein gut som visste vegen. Heitt var det, men me fann ein brønn med friskt vatn. Me snubla også over ei stor slette med cherrytomater, varme av sola, mmm.. Plukka papaya, skrelte og åt på vegen. So kom me då til denne hola. Det var vel meir eit krater, kanskje 100 m i diameter, og kanskje 20 m ned til botnen. På overflata, der me stod, var alt tørt, berre sand og tørr jord, stive busker. Men der nede var alt frodig, alle slags høge tre med store grøne blad, lianer. Og ein heimelaga stige ned. Men utan tau og sele likar eg helst å vere forsiktig, og ikkje stole på allslags stegar eg ikkje har laga sjølv (kanskje endå mindre dei..), so eg heldt meg oppå kanten. Det var ein som klatra ned, han kom seg so vidt oppatt, eine trinet losna på vegen opp.

Griser såg me ingenting til, dei kjem visst berre ut av ei hole dei har der nede når det regnar.

Me vandra attende, venta litt over ein time før daladalaen, lokale bussen, kom. Det er utan tvil den raskaste bilturen på øya so langt. Etter ei stund slutta sjåføren å stoppe for å sleppe av folk, han bremsa berre ned, so folk fekk hoppe av i fart. Og eit godt stykke av vegen var det jordveg full av holer. I ein ”buss” med trebenker under lågt tak dunka me oppi taket stadig vekk. Eg sat og nynna ”hompetitten, hompetatten” for meg sjølv, og var eigentleg nøgd med att det gjekk so hinsides fort, for eg var seint ute til avtale med

Lustringane! Takk for møtet og for pakke heimanfrå, og Lerum saft! Håpar det var fine dagar i Kendwa.

2 kommentarar so far »

  1. 1

    Maja Solomonovic said,

    Hei, Eli mi!

    Det er så behagelig å lese alt du skriver om, akkurat som å høre på deg. Du fører en poetisk penn (eller noe lignende, er et eldre uttrykk)..

    Veldig spennende å høre om alt du opplever, det er som å lese en roman. Men jeg gleder meg mest til du er tilbake og kan fortelle om alt, og så kan vi feste og danse med Maria =)

  2. 2

    eormberg said,

    Det er akkurat det me skal, Maja, me skal feste og danse med Maria=)=)


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: