Ei veke går fort

Eg tykkjer tida flyg! Det er visst over ein månad sidan eg kom hit. Då er det liksom «berre» 6 mnd igjen. Det er på den eine sida ganske mykje, men om alle månader skal gå like fort som denne, er eg redd det er nesten ingenting.

So sidan sist, kva har eg gjort? Ganske mykje faktisk.

-eit innbringande møte i landbruksdept. Haldninga derifrå kan vere sjeldan både her og heime: «kva kan me gjere for deg, og korleis, og når?». Fantastisk. Og sjefen der hadde tru på prosjektet mitt, eg vart reint motivert av å høyre på han.

-flytta. Frå gjestehus til privat. Billigare, og no har eg også kjøken, det er deileg. Det er også kjekt å bu med ein frå New Zealand, ei frå Australia, ein frå Libya, og dessutan ein lokal familie på..eg veit ikkje kor mange. Eg klarer aldri telje ungane.

-helgetur til Kendwa, fullmånefest, soling og bading.

-litteratursøk på Ziori sitt bibliotek i byen. Det er derfor eg held meg i byen no i starten, for å gå i bibliotek og arkiv, samle litteratur til oppgåva.

-brukt ein heil dag!! på å skrive ein søknad. Det tek tid å skrive, skrive ut (særleg når eg skriv i word07 og alle printersjapper berre har word03), kopiere og styre. Og til sist, sende i post, før fristen:)

I morgon reiser me til Uroa på liten helgetur. Eg har også fått nyss om noko greier som skjer oppi Kendwa. Noko land er seld eller gitt til investorar som vil bygge ut turistanlegg. Men landet er allereie jordbruksland, har vore det i mange år, visst. Problemet er (antakeleg) at bøndene som har drive jorda, og folka som eig det (og no har selt det), ikkje er same folka. Dermed står bøndene plutseleg utan jord, for dei eigde den aldri, dei har berre drive den. Og no er bøndene sinte, dei prøver å henvende seg til Office for Legal Issues (eller noko i den dur), og det har vore innslag på BBC til og med. I alle fall, kanskje eg må ta meg ein tur attende til Kendwa snarast.

Eigedomsrett på Zanzibar er eit kapittel for seg, eg lurer på om eg nokonsinne skal bli klok på det.

5 kommentarar so far »

  1. 1

    Papsen said,

    Dette siste er ei problemstilling som me også er godt kjende med her i landet, – det at jordeigar og drivar ikkje er den same. Det er litt av baksida til odelsretten/lova. Dei som har odelsrett til jorda blåheld på denne fordi det er «kjekt å ha», men dei vil ikkje og som oftast kan heller ikkje drive jorda. Men pga. driveplikten må dei leige/låne den bort til nokon som overheld driveplikten. Dette fører med seg at bøndene ikkje veit frå år til år eller frå haust til vår kor mykje areal dei har til disposisjon, for i slike forhold er det ofte vanskeleg å få til langsiktige avtalar, – jordeigar er den sterke part og vil ha full kontroll.
    I desse tider når mange kanskje står overfor tunge og langsiktige økononomiske investeringar, vert det vanskeleg når dei ikkje har like lange avtalar på det som går på areal.
    Det vert mest tilbake til det «Husmannsvelde» me hadde for 100 år sidan.

    Odelsretten er no oppe til vurdering i dei dertil høvande organ så det er no ei sak for seg. Det er sjølvsagt mykje bra med den retten, og den hadde ein misjon i si tid, men det er kanskje tid for ein ny gjennomgang og revisjon/fornying ???

    Dessutan kjem jordlova inn her, + det med konsesjon, – handheving o.l.

  2. 2

    eormberg said,

    So sant, so sant, det er mykje likt. Tanken har slege meg fleire gonger. Blant anna i helga, eg var i Uroa, budde på ein eigendom som tilhøyrer nokon eg kjenner. Ein «rik onkel», busett i Oman er det vel, eig eigendommen, også betaler han ein lokal familie for å bu der, passe på. «Watchmen». Eg spurde forresten kva det eigentleg var å passe på der. For alle husa er tome, ingen møblar, berre vegger, golv, tak. I hagen er det rett nok planta mange tre, men dei står òg ganske godt fast. -Jo, vindauge og dørar kan bli stolne, for so å seljast vidare, derfor må ein ha ein familie buande for å passe på.

    Dei blir vel husmenn, på eit vis. Og også generelt angåande eigedomsrett til jord, som du seier, at eigar og drivar ikkje er den same, sidan mykje er statleg eigd. Det er klart ei slik kortsiktigheit og uvisse påverkar avgjerder om store investeringar. Slike spørsmål er eigentleg midt i smørauga på problemstillinga mi. So dette må eg setje meg betre inn i. I dag! Skal eg lese jordlover.

    Takk for hoppetau! Proft!

  3. 3

    Tomas said,

    Husmennene for omlag 100 år sidan hadde oftast ein svært detaljert kontrakt å gå etter. Viss ikkje det vart gjort alvorlege brot på denne, kunne nok avtalen vera «forutsigbar» i den grad me kan kalla den det. Desse avtalane var sjeldan så veldig gunstige for den som leigde jorda. Med detaljerte lover hadde nok husmannen det hardt. Men forutsigbarheita for den norske bonden er verre i dag. Plutsleg er det ein nabobonde som vil betala meir for leigejorda, og vips har ein mista grunnlaget for produksjonen sin…

    Skal ein ha bu- og driveplikt så må den gjennomførast med stil. Enten driv den som overtek jorda jorda sjølv og har dyr, elles sel han jorda til ein som vil bu og drive der, eller til ein nabo som kanskje har leigt jorda før. Ein jodeigar i Luster busett i Oslo, treng me ikkje.

  4. 4

    oddmund said,

    Interessant lesnad!
    Landbrukssosiologen Siegfried Pausewang hadde ein framifrå kronikk om dette i Bergens Tidende 19. januar.
    http://www.bt.no/meninger/kronikk/article775403.ece
    Hovudpoenget hans er at den beste måten å brødfø Afrika på, er at alle får tilgang til gratis og uomsetjeleg jord for å dyrka sin eigen mat (som i Etiopia). Det føreset sjølvsagt sterkt offentleg styring med jordressursane (som i Noreg) for å halda liberalismen i sjakk (og her bør odelslova bort, men konsesjonslova styrkast). Det verste som skjer, er den typen «utvikling» som går ut på at landbruket vert modernisert gjennom store oppkjøp av multinasjonale landbrukskonsern som vrir produksjonen over på eksportvarer retta mot vesten og gjer tidlegare småbønder til eit elendig løna landbruksproletariat. Slik ser iallfall dette ut frå Krundalen ein vakker vinterkveld.

  5. 5

    […] tilrår eg far til Eli Johanne sin høgst interessante kommentar med parallellar til odelslovgjevinga og norsk landbruk. Så kan me […]


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: