Hoppetauet

Historia om hoppetauet må også forteljast. Eg kjøpte eit hoppetau på Tesco i sommarferien, eit blått, halvbra hoppetau. Det er genialt å ha med seg på reise, som eit vandrande treningsstudio. Her på Zanzibar er det ikkje særleg mange hokjønn som trenar, det heng saman med mykje. Men sidan me har ein fin takterrasse på gjestehuset der eg bur, hoppar eg tau der. Sidan det strengt teke er inne, ikkje offentleg-ute, dristar eg meg til å utfordre lokal kleskode og trene i singlet der av og til, i heten. Det er ikkje mange som kan sjå meg der, trur eg.

So det er altso to pussige/dårlege ting eg gjer på ein gong: trenar og kler meg i kun singlet (men det er i min ”heim”, so det er truleg greitt).

Men naboane lurer bak gardinene også her i Stone Town. Dei har tydelegvis sett meg hoppe tau. For i går, då eg gjekk ut på gata, var naboungane i full gang med – å hoppe tau! Dei hadde funne nokre gamle leidningar og gummislangar og styr, og prøvde etter beste evne å hoppe, med hyl og skrål. Nei, dei har aldri hoppa tau før. Ungane her leikar ikkje slik ungar i Noreg leikar. Dei har stort sett ingen leiker, og det vert ikkje sett på som noko foreldreansvar å aktivisere og stimulere (slik eg forstår det so langt).  Med andre ord, ungane kunne ikkje hoppe tau. Men det kan eg: framlengs og baklengs og med kryssa armar begge veger. Sjå på kvite jenta, ho kan hoppe tau!

Historia om hoppetauet er ei slags lita gladhistorie om positive ringverknader eg ikkje hadde venta. Om noko, hadde eg venta å få kommentarar, ”du kan jo ikkje halde på slik, jente som hoppar og trenar! I singlet!”. Men no er eg glad eg hoppa tau. Slutten på historia er likevel litt trist, tauet rauk i går (men eg skal nok fikse det).

5 kommentarar so far »

  1. 1

    Papsen said,

    Eg skal ut i Sogndal i dag med linsepakka di som Bjørg E. T. tek med seg nedover. Skal innom ei eller anna sjappe i for å få i eit tau av bedre kvalitet. Det skulle vel vere gode tibod på slikt no midtvinters -:)

    Både Oslo-onkel og Bjørg har lagt inn kommentarar utan at dei er komne på bloggen. Kvar vert det av dei ??? vert dei liggande i ein postkasse eller berre vert dei borte ?

    Her har det snøa i høgd med støvlane mine så eg må ut å brøyte før eg fer til Sogndal.

  2. 2

    Bjørg Eikum Tang said,

    Eg ser at du Kristen etterlyser mine kommentarar, og eg gleder meg til å kome med både linser og hoppetau til jenta som trimmar i varmen!
    Har lagt inn tlf nr på min telefon, så eg håpar det verkar når vi nærmar oss! Slik det ser ut no skal vi kome til Stone Town Vi kjem dit den 18.01 om kvelden og skal bu på hotell Tembo. Flyet vårt landa kl 18.30. Så hvis vi t d kunne ete middag saman i 20-tida, ville det ha vore veldig kjekt!?
    Helsing Bjørg

  3. 3

    eormberg said,

    onkel-oslo sine kommentarar veit eg ingenting om. Kanskje noko feil på sida, har ikkje sett noko til dei. Men bjørg sine kommentarar trur eg er komne fram. Det er berre det at eg må godkjenne alle brukarar fyrste gong dei kommenterer, og eg ekje so ofte på nett, so det kan ta nokre dagar. Sidan går det automatisk, trur eg.

    får eg hoppetau altso? so flott, takk:) eg fiksa det gamle, men so rauk det igjen, og eg fiksa det igjen. Men det blir kortare for kvar gong, eg må hoppe høgare og høgare.

    bjørg: middag er ein god idè. anten kjem eg til tembo hotell i litt før 20, eller skal eg legge ein beskjed til deg i resepsjonen, i tilfelle eg er på helgetur eller noko. velkomen til øya!

  4. 4

    Karin said,

    Hei
    Korleis går det med feltarbeidet?
    Ikkje verst å starte ein ny trend,gitt! Ungar trenge berre litt inspirasjon=)
    Kunne tenkt meg til varmare strøk eg også – her er det akkurat i skrivande stund – 12,2 grader – men du og du kor vakkert vinterver=)
    Håpar du har det kjekt i soli!

    Karin

    ps: kå var det som egentleg var gale med geita som skreik og er ho fortsatt i live? ;D

  5. 5

    eormberg said,

    No har eg flytta, so eg høyrer ikkje mykje til geita lenger. Men eg trur eigentleg den har det bra. Er det ikkje slik geiter gjer av og til, skrik?

    Her om dagen var det ein unge i nabohuset som sette i gong med å belje, eg trur han skreik same ramsa non-stop i eit time. DET var trøyttande, det.


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: