Nyttår og geita

Leo ni Ijuuma, tarehe pili, mweki wa kwanza, mwaka elfu mbili na tisa. Med andre ord, det er den andre januar 2009. Gratulere til bror Nils Joar! 32 år i dag, reknar eg meg fram til.

Velkomne til 2009. Eit år går so fort, før me veit ordet av det er det 2010 me skal feire inngongen til, inshallah. ”May you live every day for the rest of your life”, las eg ein stad, ein gong. Det får stå som mitt ynskje og oppfordring for det kommande år – og vidare.

Slik vart nyttår feira her:

006

 012

zk1

zk3

Båt ut til ein sandbanke midt i havet. Ein himmel full av stjerner, eit hav fullt av moreld. Nedteljing midt mellom land og sandbanken..3..2..1..2009! Vasse inn til banken. Skeptisk til båltenninga? Tydelegvis vart det bål. (Dei siste to bileta er det ikkje eg som har teke, takk til fotografen).

Nett no er det to distinkte lydar utanfrå. Den eine lyden er (diverre) sjeldan i Jostedalen, den andre førekjem der ikkje i det heile (som eg har fått med meg, i alle fall). Ei geit brøler og brøler, meir enn ho mekrar. Eg trudde lenge det var ”galedama” i nabohuset, men no har eg skjøna at det er ei geit, og noko må då feile den. Det er altso den eine lyden. Den andre lyden, som ser ut til å provosere fyrste lydkjelda, er bøneropa frå minaretane, nett no. Her i byen høyrer ein rop frå fleire minaretar på ei tid. Men om ikkje geita brøla frå før, brøler den i alle fall no, med plutseleg konkurranse. Ein uvanleg ljom er det, geita og bøneropa.

4 kommentarar so far »

  1. 1

    Marit Aklestad said,

    Hei, og godt nytt år, Eli!

    Kjekt å lese litt om geiter og galningar! Tenkjer litt på deg, heldiggrisen, no når eg går her og ventar på avreisedatoen… Eg gledar meg til framhaldet av denne følgjetongen!
    Ynskjer deg alt godt i det nye året 😉
    Marit

  2. 2

    Jannicke said,

    Jeg skulle sååååå gjerne ha vært med på den nyttårs feiringen høres fantastisk ut. Mulig jeg må fremskynde reisen min litt, er leeeenge til sommeren hehe.

  3. 3

    Bjørg Eikum Tang said,

    Hei Eli!
    Eg har fått adressa di frå far din som fortel at du er på Zanzibar og studerer antropologi/gjer feltarbeid har eg forstått! Det høyrest artig ut! Kjæresten min og eg skal til Tanzania og Zanzibar i slutten av veka. Då skal vi og til Stonetown. Vi ville tykkja det var kjekt å trefe ei jente frå Jostedalen, om det passar for deg? Vi kjem dit den 18. januar og reiser att den 23. januar.
    Dersom vi skal ta med oss noko til deg så sei frå i morgo! Vi reiser herfrå på onsdag!

  4. 4

    eormberg said,

    Marit: eg trur du kan gle deg til feltarbeidet. Fyrst tenkte eg 7 mnd var litt i meste laget å vere her, men no tenkjer eg at det er for lite. God tur og masse masse masse lykke til!! og ikkje la deg lure på flyplassar og slikt. når reiser du?

    Jannicke: kjem du hit?? når??? det har eg ikkje fått med meg. eg er her til 10.juli. Det er deilig her:) trur me skal til kendwa i morgon, fullmånefest.

    Bjørg, igjen, velkommen:) sjå kommentar på annan post.


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: