Jul og bryllaup

God jul!

det har jammen rukke å bli nyttårsafta, eg fekk nesten ikkje eingong med meg jula. Eg håpar alle har ete mykje god mat, kaker, vore på fest eller julebord eller anna gøy, og fått noko de tykte var fint.

Jul på Zanzibar og jul i Jostedal er to ganske ulike hendingar. Men merkeleg nok, julestemning kan det bli begge stader. Me var nokre nordmenn og to danskar her som reiste til Bwejuu på austkysten og feira jula på Robinson’s, koseleg liten bambushytteplass. Me hadde både gitar og gitaristar, og song alle julesongar me kunne.

073

0781

Robinson’s var driven av eit sveitsisk-zanzibari ektepar. Mannen spurde meg etter ei stund om eg var «mix» (eit vanleg uttrykk på zanzibar, her mange har «mixa» opphav; oman, yemen, afro-shiraz, india, etc). So der vart eg altso avslørt: halvt jostedøl, halvt skjolding. Mix. Han nemnde noko om asia, men eg skjøna jo det var skjolding han meinte.

Me var i Bwejuu i vel 2 dagar, so attende til byen. I løpet av tre romjulsdagar i byen har eg vore med på bryllaupsfeiring… – 3 – dagar. Det eine bryllaupet var for systera til ei nabodame, det andre vart eg i grunnen berre henta inn til. Og det fortsette neste kveld, då kledde dei meg opp i glitrande polyesterkjole og tung arabisk sminke og grueleg sterk parfyme spraya dei i armholene på meg, den går visst ikkje vekk. Eg er blitt ein slags bryllaups-hit. Og ikkje minst, eg har hamna på bilete, og video! Som blir sendt på eigne bryllaups-tv-kanalar på zanzibar.

Bryllupa er mykje meir effektive enn norske, varer i kanskje 3-4 timar. Men det går som sagt gjerne over fleire kveldar, og med åtskilde festar for kvinner/menn. To av kveldane sat me på matter på golvet. Men når som helst kan ein bli med i taarabdansen, til levande musikk og sang, taarab. Alle får utdelt pakker med god mat. I 23-tida kjem brura og brudgomen, går saaakte opp på eit podium, for fotografering. I bryllaup nr 2 kom det to dansande jenter inn fyrst, dei hadde ein koreografi på vegen inn og fram til scena. Og so kom stjerna: ei kanskje 4 år gamal jente, kledd i ein liten kjole, kvite knestrømper og tung sminke. Ho dansa ein dans opp golvet som ville fått Britney og Beyoncè til å framstå som nonner. Eg vart veldig usikker på både etikk og estetikk, men la gå. Det går på kvoten for kulturforskjellar. So kom brudeparet, flotte, eg har diverre ikkje bilete.

I kveld er det nyttårsafta også her (tenk), og me skal feire den med fyrst middag på Livingstone, so fer me i ein liten båt ut til ein sandbanke midt i havet.

Godt nyttår alle saman!

1 Response so far »

  1. 1

    Sandra said,

    Det er nå i alle fall bedre å bli kalt mix enn half-cast, som min nigerianske venninne stadig vekk blir spurt om fordi hun er så lys.

    Godt å høre du koser deg! I dag holdt nesa mi på å ramle av pga kulde. Sjokket var stort da lysreklamen på Egertoget påsto det bare var -3 grader ute..


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: