plomer i hardanger

Det er ikkje verst å komme her midt i plomesesongen! Over alt sel dei no raude, saftige plomer, frå vogner på gata.

Endeleg er det helg, det er godt etter ei faktisk fullpakka veke. Eg som trudde eg skulle «feriere» so smått fyrste tida her, men nei. Det er beinhardt å lære swahili på rekordtid. Og so klart lærer eg ikkje swahili på rekordtid, det må få tid til å synke inn. Ei dame gav meg eit råd: eg burde bruke ein time kvar dag på å leike med ungane i gata, for dei er det lettast å lære av, dei snakkar i korte, klare setningar.

I tillegg spring eg mellom dei fleste kontor i byen.

Til ei kvar tid er det forskarar på Zanzibar, anten mange eller få. Det kan vere innan antropologi, historie, geografi, etc. I går var eg på eit foredrag med ein forskar frå Utah, han forskar på landskap. Der kom fleire av Forskarane som er her, og etterpå gjekk me Forskarane ut og åt middag saman. Dei var eldre enn meg  og underviser på ulike universitet, alle i USA. Likevel, no er eg ei av Forskarane(researchers, det blir litt annleis på engelsk).

De som steiker julekaker, eller er kanskje alle kakene i boks allereie? Det gjeld gjerne gløgg òg. Og appelsin-adventskalendar: Neste gong de står med nellikpakka framfor dykk, anten spikar eller pulver, kan de sende ein tanke til Zanzibar. 90% av all nellik (cloves) i sal kjem frå Zanzibar (hovudsakleg Pemba, nordøya)!

God helg!

4 kommentarar so far »

  1. 1

    Hege said,

    Hei Eli. Lykke til i felten:-) Skal ikke klage over temperaturen her heller. Et par plussgrader, regn, og skøytebane til Ormberg;-) I kveld blir det juleord:-) Du får pugge swahili og ha en god helg:-) Hilsen naboene

  2. 2

    Marianne said,

    Neimen, er du tilbake på Zanzibar? Så heldig da, og så synes du der for varmt no i regntida? Vent til den er over, lizzm. Eg har også sjølv nett vore på ein liten svipptur innom Zanzibar. Som ung og idealistisk senterungdom skulle eg nedover for å frelse tanzaniansk ungdom i demokrati og studieringsarbeid, men på vegen klarte eg å gå av på feil flyplass. Så vidare måtte eg ta eit fly som mellomlanda på den eksotiske ø som Sputnik har gjort til norsk allemannseige. Eg held nesten på å gå av der også, men klarte no å unngå det, da. Riktig god jul der nede blant elefantar og løver. Ikkje bli overraksa om du møter ein nordmann eller fem, eg kjenner minst ein familie som skal markere høgtida der. Klem:)

  3. 3

    Maja Solomonovic said,

    Hei Eli!!!

    Så koselig å lese om dine opplevelser i Zanzibar =)

    Her er det nok ganske annerledes. Æ ska tenke på nelliken fra Zanzibar neste gang æ ser en. Nå e æ hos Morten i Skien.

    Klemmer

  4. 4

    Maria said,

    kan du sende noen plommer til meg? tusen takk!
    hva er adressa di forresten? har noe til deg også skjønner du. bare noe lite da.

    glad i deg! liker å lese her for et lite innblikk i feltarbeidet. spennans.


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: