Temperatur

I dag var det rundt 30 grader i Steinbyen. Svalt, med andre ord. Eller kanskje ikkje svalt eigentleg, men meir behageleg enn dei siste dagane.

Her på Livingstone Cafe er det i alle fall svalt og fint, og nordmenn eg kjenner sovidt frå før. Me planlegg jula, den blir truleg feira på austkysten, Bjewuu. So bra at me har ein plan og at det til og med kanskje er ein god ein! Og presidentdottera var nett innom.

Det er mykje å fortelje, frå dagen og frå øya. I dag: nasjonalarkiva, ordna med forskingsløyve. Den fyrste personen ein møter på kontora her er ALLTID uengasjert og ber deg kome att ein annan dag. Men so gjeld det å vere umuleg tilbake, so får ein alltids kome vidare til neste person, som er venleg og pratande. I dag har eg også byrja på swahilikurs med den svært dyktige Muhammed Said. Utruleg mykje lærdom på to fullpakka timar, men han er overraskande god å lære ifrå seg. Om eg er like flink å lære som han er til å lære frå seg, kan eg faktisk ende opp med å snakke swahili.

Anna nytt frå øya: -dei fleste bankane i byen var tome for dollar i dag, og vekslebyråa òg. Det er bra eg har vore her før, so eg ikkje dett av pinnen av slikt.

-det luktar mykje! som sist, eg hugsar det. Anten luktar det godt..eller ikkje so godt. Plutseleg er der ei sky av kongerøykjelse, ein annan stad nesten same, men litt annan nyanse. Oud, heiter vel nokon av desse parfymane/røykelsane. Og kvinnene òg, går med ei sky av røykelse etter seg. Merk at dette er ei byfenomen, til kvardags. Også er det då markedet, Darajani, der ferskt kjøt og blod i varmegrader og sol gir ei anna lukt. Direkte vond er den ikkje, men intens. Ikkje heilt det same som å gå forbi hyller med plastpakka kjøt frå Gilde.

Nyhende ja, det er mykje ufjelt å lese om i avisene heime, eigentleg. Fyrst drapet på Eid, so brannen i Urtegata, so brannen på Herøy, var det det? og eit nytt drap i bodø. Eg oppfordrar alle i heimlandet om å vere snille med kvarandre og blås ut julelysa!

1 Response so far »

  1. 1

    Storesøster said,

    Ikkje so dumt å springe frå førjuls kjas og mas. Her skal skrivast julekort, pakkast inn pakker, bake julekaker og drikkast julaøl -alt på ein gang. No tenkjer du kanskje at det med julaøl ikkje er so viktig oppi alt dette, men det er det! Høyr på storesøster!

    Men nok om det. Det eg eigentleg lurer på, er om eg aldri får lov å kveiekje stearinlysi mine meir. Og viss eg får lov til det, må eg sløkkje alle saman når eg går på do, for so å tende dei att når eg kjem inn att? Dette har eg lurt på veldig lenge, men eg har ikkje visst kven eg skal spørje om slikt før.

    Elles so er det veldig kjekt å høyre at du har komme deg heil til Afrika og
    funne deg vel til rettes. Og som ei trøst til heten, kan eg fortelje at temperaturen her på Voss gjekk opp med 20 grader på eitt døgn. (Den sler de nok ikkje i Afrika 😉 )


Comment RSS · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: