Det er varmare her, faktisk

Takk for alle lykkeynskje! Det er gledeleg. Ingen skal påstå at det er behageleg å reise i langt, utan å få sove. Eller at det umiddelbart er fryd og hei og hå og vere her, heller enn heime. Eg likte å gå på ski og å isklatre og at det var kaldt ute og trygt inne. Her er det gudsjammerleg heitt ute (40 grader i dag, bikini ville vere formastelse), og eg er på eiga hand.

Me er vel til sjuande og sist vanedyr, og det å måtte gi slepp på vaner er hardt, anten det er klesdrakt, temperatur, eller folka rundt meg. Ironisk nok blir det garantert same kula hin vegen, heimattekomi. No har eg vore her i nokre dagar, og er ganske tilpassa. Heten klarer eg fint, det gjeld berre å gå seinare. Takk og lov for at eg kjenner folk her allereie! Mange har vore til stor hjelp allereie! 

Angåande feltarbeidet mitt ser det lyst ut. Eg har fått gjort overraskande mykje allereie, og fått mykje informasjon. Mellom anna har eg no truleg to kontaktar i landbruksdepartementet, frå Pemba, nordøya. Eg heller mot å konsentrere meg om Pemba, og grunnen er kyr. Eg har fått vite at det er 3 typar kyr på Zanzibar, den typiske afrikanske, med pukkel, ei fastlandskyr, og ei importert, liknande NRF. På Pemba var der ein finsk utviklingsprosjekt ein gong på 80-talet, der desse mjølkekyrne vart importert og ein landsby vart gitt opplæring i fôring, medisinering, etc. Dei treng betydeleg større ressursar samanlikna med dei andre kyrerasane. Eg har lyst til å oppsøkje gardar med desse kyrne, dei er blitt distribuert over øya, også finne korleis det har gått.

I dag har eg vore innom eg-veit-ikkje-kor-mange-kontor, menn over alt. I byrjinga er dei alvorlege og skeptiske, men det er berre slik det er, til dei ikkje gidd meir, og smiler og ler.

I morgon byrjar eg å lære swahili.

Eg bur forresten på Flamingo House, og har treft mykje løgne og kjekke folk. Ein japanar som er frivillig barneskulelærar langt inni høglandet i tanzania, nær grensa til Malawi. Ingen straum i landsbyen, og ein dag var det ein skorpion i huset hans. Også to danskar har eg møtt, utviklingsgeografar, dei skal gjere feltarbeid til mars, kanskje me skal feire jul saman. Og ei finsk og ei tysk har eg òg møtt. I kveld skal eg ete middag med Hajj, lokal forskingsassistent, og Chris, ein som forskar på landskap og folkeflytting.

Eg må også nemne kor utruleg artig det er at so mange kjenner meg att her. Til og med skomakaren! Dei spør kvar eg har vore so lenge.

Konklusjonen på fyrste blogginnlegg etter ankomst Zanzibar: So Far – So Good.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: