Ja huff, det er uhøyrt! At turistar på Bali skal måtte forholde seg til lokale tradisjonar.
Også at dei lokale brukar so mykje pengar på desse heilt unyttige tradisjonane og seremoniane! Prøv å skrive ein artikkel om norske feiringar; 17.mai, jul, nyttår, påske, og sjå om det ikkje også der blir brukt ein del pengar. Og det er ikkje få hjå oss heller som sikkert seier kvart år at ” nei me skulle kanskje moderere oss litt, alle desse julegåvene, og alt dette materielle..”, men me gjer det vel stort sett ikkje.